Kortare utvekslingsopphald på vidaregåande
Du kan få stipend og lån til utveksling som er del av samarbeidsprogram mellom ein norsk og ein utanlandsk skole.
Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som godkjenner desse samarbeidsprogramma. Se liste over godkjente utvekslingsprogrammer for lån og stipend fra Lånekassen.
Du kan få stipend og du kan også velge å søke om lån.
Slik søker du
Du bruker den same søknaden som for vanleg vidaregåande opplæring i Noreg.
Når du har søkt, må du sende dokumentasjon på skolepengar om du skal betale det. Dokumentasjonen kan du laste opp på Dine sider på lanekassen.no eller sende i posten. Finn sist innsendte søknad på Dine sider og klikk på Send dokumentasjon.
Gå til søknaden for å sjå kva slags dokumentasjon vi treng.