Videregåande utanfor Norden
- utstyrsstipend mellom 1 196 kroner
- bortebuarstipend på 5 848 kroner i månaden
- reisestipend mellom 998 og 5 433 kroner
Utveksling på vidaregåande
Når kan du reise på utveksling?
Lånekassen gir berre støtte til utveksling utanfor Norden for det året du ellers ville tatt VG2. Dersom du reiser til eit land der skoleåret følger kalenderåret, kan du få stipend når du reiser etter første semester i VG1 eller VG2.
Utveksling via skolen
Har skolen din eit godkjent samarbeidsprogram med ein vidaregåande skole i utlandet, kan du få stipend og lån. Tar du yrkesfag kan du også ha eit opphald i utlandet som er godkjent av skolen din.
Utveksling via andre organisasjonar
Du kan også reise via ein utvekslingsorganisasjon som er godkjent av HK-dir (diku.no).
Som hovudregel må utvekslingsopphaldet vare heile skoleåret. Tar du eit fast opplegg gjennom Erasmus+-eller skolen din må opphaldet vare i minst 3 månader.
Søknadsfristar
Du må ha ein skoleplass før du søker. Det er same fristar for alle stipenda:
- 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret
Slik søker du
For alle stipend og lån, med unntak av stipend til skolepengar, bruker du den vanlege søknaden om stipend for vidaregåande skole med ungdomsrett.