Utveksling på vidaregåande
Busett i utlandet av særlege årsaker
Dersom du bur i utlandet på grunn av eigen sjukdom, eller sjukdom hos ein av foreldra dine eller ektefellen din, kan du søke om stipend og lån.
Behovet for å bu i utlandet på grunn av sjukdom må stadfestast av lege.
Dersom familien din er busett i utlandet i ein tidsavgrensa periode, kan du også søke om stipend og lån. Du må i så fall sende inn dokumentasjon som viser kvifor foreldra dine er busett i utlandet, og at opphaldet er tidsavgrensa.
Du må ha ungdomsrett for å ha rett til stipend og lån etter desse reglane.
Franske lycé
Du kan få stipend og lån om du skal gå på fransk lycé og har fått opptak gjennom Institut français de Norvège eller Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku).
United World College
Du kan søke om stipend og lån om du har fått opptak gjennom Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku) til eit United World College.
Yrkesfagleg opplæring som ikkje finst i Noreg eller som blir rekna som verneverdig tradisjonshandverk
Du kan få stipend og lån om du skal ta yrkesutdanning på nivå med vidaregåande opplæring i utlandet, og utdanninga di ikkje blir tilbode i Noreg, eller om utdanninga blir rekna som eit verneverdig tradisjonshandverk i Noreg. Kva for fag det gjeld står på ei liste over verneverdige tradisjonsfag publisert av utdanningsdirektoratet.
Om fagutdanninga i utlandet er på nivå med norsk fagskole kan du få lån og stipend på linje med dei som tar fagskole i Noreg. Det gjeld også dersom du er over 24 år, eller av andre årsaker ikkje har ungdomsrett.