Grunnstipend

Sist oppdatert: 22.08.2019
Grunnstipendet er meint å vere eit bidrag til å dekkje levekostnader for elevar frå familiar med svak økonomi.

Formålet med stipendet er at alle elevar skal ha moglegheiter til å ta vidaregåande opplæring, uavhengig av den økonomiske situasjonen til familien.

Stipendet blir behovsprøvd mot forsørgjarane si inntekt og er på anten 1 093 kroner, 2 186 kroner eller 3 282 kroner per månad. Dersom du mottek lærlinglønn eller trygd/pensjon, kan det også ha innverknad på kor mykje forsørgjarstipend du kan få.

Inntektstabellar og beløp for grunnstipend finn du her.

Når du søkjer, må du oppgi i nettsøknaden din at du ønskjer at vi vurderer om du har rett til grunnstipend. Då hentar vi opplysningar frå skatteetaten og folkeregisteret.

Dette ser vi etter

  1. Om foreldre bur saman eller ikkje
    Om forsørgjarane dine bur saman eller ikkje bur saman, avgjer kva tabell grunnstipendet blir behovsprøvd etter.
  2. Kor mange søsken du har
    Kor mange søsken du har som er fødd i 2001 eller seinare er med å avgjere kor mykje grunnstipend du kan få.
  3. Inntekta til forsørgjarane dine i 2017
    Vi sjekkar samla personinntekt (brutto inntekt) og netto positiv kapitalinntekt til begge forsørgjarane. Vi ser på inntekta for to år tilbake i tid, fordi dette er den siste likninga som er tilgjengeleg for alle.
  4. Har forsørgjarane dine ny ektefelle/sambuar
    Vi sjekker ikkje inntekta til den nye ektefellen eller sambuaren, men legg til eit fast beløp på forsørgjaren sin inntekt.
  5.  

    |ButtonName;Gå til søknaden|ClassName;DCGreenLightGreenBtn" hash="HlfFrD0vyVe6eJ6OFMVoWfROvgQ5gTu4n1K3/3s6/mM=" disabled="disabled" class="dynamiccontent" contenteditable="false">{DynamicContent:Button}

Kva meiner vi med forsørgarar

Grunnstipendet blir no behovsprøvd mot inntekta til begge forsørgjarane. Med forsørgjarar meiner vi:

  • dei biologiske foreldra dine
  • adoptivforeldra dine, dersom du er adoptert
  • personar som har overteke foreldreansvaret etter § 66 i barnelova

Les meir om forsørgjaransvar når mor og far ikkje bur saman.

Tillegg for ny ektefelle/sambuar

Dersom ein forsørgjar har ny ektefelle/sambuar, blir det lagt eit fast beløp til forsørgjarens inntekt på 46 643 kroner når Lånekassen vurderer om du kan få grunnstipend. Dersom begge forsørgjarane har ny ektefelle/sambuar, blir dette faste beløpet lagt til på inntekta til begge forsørgjarane.

Kva meiner vi med søsken?

Dess fleire søsken du har som er født i 2001 eller seinare, dess meir grunnstipend kan du ha rett til. 

Heil- og halvsøsken og adoptivsøsken blir rekna som søsken. Stesøsken blir ikkje rekna med i denne samanhengen.

Behovsprøving for deg over 18 år

Så lenge du har ungdomsrett, har foreldra dine forsørgjarplikt for deg, også etter at du har fylt 18 år. Derfor sjekkar Lånekassen kor mykje foreldra dine har i inntekt for å finne ut kor mykje stipend du har rett til. Forsørgjarplikta er omtala i barnelova.