Vidaregåande opplæring i Norden

Sist oppdatert: 03.04.2019
Vi kan gi støtte til vidaregåande opplæring som er offentleg godkjent i studielandet, og som er godkjent av "Lånekassen" i landet.

Dei fleste offentlege vidaregåande skolar i Norden vil vere godkjente. For å få støtte må opplæringa vere på fulltid.

Så mykje kan du få

Støtten til vidaregåande opplæring i Norden er den same som for elevar i Noreg. Du kan få 

Merk at du ikkje kan få bustipend dersom du bur saman med foreldra/forsørgjarane dine der du går på skole.

Skal du betale skolepengar?

Skal du betale skolepengar til den utanlandske skolen, kan du få stipend til delvis dekning av desse når skolepengane ikkje er dekte av andre og du tek vanleg vidaregåande opplæring. Søker du om lån i tillegg til stipend, kan du også få lån til dekning av skolepengar. maksimalt lån til skolepengar er 27 276 kroner for heile undervisningsåret.

For å søkje om dette stipendet, må du fylle ut og sende inn et P-skjema. Du må også leggje ved ei stadfesting frå skolen i utlandet, som viser kor mykje du må betale. Fristen for å sende inn P-skjema er innen undervisningsåret 2019-2020 er avslutta.

Du må søke og legge ved dokumentasjon

For å søke om støtte til vidaregåande opplæring i eit nordisk land, må du:

  1. sende ein søknad om stipend/lån
  2. opplyse om kva du har tatt av vidaregåande opplæring frå før, og kva opplæring du planlegg å ta i utlandet
  3. legge ved stadfesting frå den utanlandske skolen på at du er tatt opp til fulltidsutdanning
  4. legge ved stadfesting frå den utanlandske skolen på skolepengar, dersom du skal betale det. Legg også ved eit utfylt P-skjema.