Kor lenge kan du få støtte?

Sist oppdatert: 03.04.2019
Du kan til vanleg få støtte til vanleg vidaregåande opplæring i tre år, men retten kan utvidast.

Rett til vidaregåande opplæring

Har du fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har du rett til vidaregåande opplæring i tre år, eller så lang tid opplæringstida for faget ditt er. Du må bruke retten innan fem år etter at du fullførte grunnskolen. Tar du heile eller ein del av opplæringa i lærebedrift, må du bruke retten innan seks år. Du må også bruke retten innan utløpet av det året du fyller 24 år.

Retten blir utvida med eitt år dersom du gjer eit omval. Du kan ta to "venteår" før eller i løpet av opplæringa utan å miste retten.

Dersom du er elev ved eit kurs som følger læreplanar for offentlege vidaregåande skolar, bruker du av opplæringsretten din. Går du på ein privat vidaregåande skole med nasjonalt fastsette læreplanar, blir dette rekna med i tida du har retten.

Privatistar

Ungdommar med rett etter opplæringslova § 3-1 bruker ikkje av opplæringsretten dersom dei vel å vere privatistar.

Usikker på kor mykje tid du har brukt?

Er du usikker på kor mykje av opplæringstida di du har brukt, kan du ta kontakt med skolen din.