Opptak som elev eller student

Sist oppdatert: 04.04.2019
For å få støtte frå Lånekassen må du ha opptak som elev eller student til ei godkjent utdanning, og ha rett til å gå opp til eksamen.

Går du på vidaregåande opplæring, må du ha takka ja til skoleplassen før du kan søke om støtte frå Lånekassen.

Lærlingar

Lærlingar må ha godkjent lærekontrakt for å kunne søke om støtte. Lærekandidatar må ha godkjent opplæringskontrakt. Les meir om støtte for lærlingar her.

Studiekompetanse ved høgare utdanning

For å få støtte frå Lånekassen til høgare utdanning må du enten ha generell studiekompetanse eller opptak på grunnlag av realkompetanse.

Det er eigne krav for å få støtte til utdanning i utlandet.

Tek du fag gjennom skolar som Sonans privatgymnas, Akademiet privatistskole eller NKI, har du opptak som elev eller student ved ein lærestad, sjølv om du avsluttar med ein privatisteksamen.

Dersom du tek fag på utan å vere elev eller student ved ein lærestad, har du ikkje rett til støtte. Lånekassen gir ikkje støtte til eksamensavgift for privatistar.