Ekstra innbetaling

Sist oppdatert: 18.02.2019
Du kan betale ekstra beløp på lånet ditt dersom du ønsker det. Du betaler med same KID-nummer som vanleg og til det same kontonummeret.

Du kan betale ekstra på lånet når som helst. Dersom du betaler meir enn beløpet som står på rekninga, reknar vi det overskytande beløpet som ei ekstraordinær innbetaling. Det same gjeld dersom du betaler ekstra på lånet utanom den vanlege rekninga.

Du kan betale på vanleg måte, som om du betalte ei rekning. KID-nummeret ditt i Lånekassen er fast og du finn det under «din profil» på Dine sider. Kontonummeret til Lånekassen er 6345 05 08715.

Ønsker du å betale ned heile gjelda di? Les meir om innfriing av lånet.

Ekstra innbetaling gir lågare fast terminbeløp

Ekstra innbetalingar går til å betale ned på det totale lånet ditt. Det fører til at dei framtidige terminbeløpa dine blir lågare kvar månad. Dersom du ønsker å forkorte nedbetalingstida framfor å få lågare terminbeløp, kan du justere betalingsplanen din på Dine sider.

Merk at ekstra innbetalingar ikkje er forskott på framtidige rekningar. Sjølv om du gjer ei stor innbetaling, vil du altså få ei rekning du må betale neste månad.

For deg som har fast rente

Har du fast rente, må du vere merksam på at vi reknar rentetap/-gevinst på lånet ditt når du gjer ei ekstra innbetaling. Når du inngår avtale om fast rente, inngår du samtidig ein avtale om å betale ned på lånet etter ein fast plan. Derfor reknar vi ut om Lånekassen taper eller tener på at du betaler ekstra. Dersom Lånekassen taper renteinntekter samanlikna med i fastrenteavtalen, blir denne summen, altså beløpet Lånekassen taper i renteinntekter, lagt til lånet ditt. På den anna side, dersom Lånekassen får auka renteinntekter på det, blir beløpet sletta frå lånet ditt på tilsvarande måte.

Les meir om rentegevinst og rentetap ved ekstra innbetalingar.