Raskare nedbetaling

Sist oppdatert: 18.02.2019
Du kan betale raskare ned på studielånet ditt dersom du ønsker det. Dette gjer du ved å endre nedbetalingstida di på Dine sider.

Dersom du ønsker å betale raskare ned på lånet ditt, kan du sjølv endre nedbetalingsplanen din på Dine sider. Der kan du velje å betale eit høgare terminbeløp i månaden, mot at nedbetalingstida blir kortare.

Du kan justere opp igjen nedbetalingstida på Dine sider når du sjølv vil, dersom du ønsker å betale lånet i normalt tempo igjen. Då blir terminbeløpa dine lågare. Du kan endre betalingsplanen under "gjeld og betaling" og "endre betalingsplan".

Du kan ikkje justere nedbetalingstida på Dine sider dersom:

  • du har fast rente
  • du får støtte frå Lånekassen
  • du har fått sletta gjeld
  • du har gjeldsordning
  • lånet ditt er overført til Statens innkrevjingssentral

Logg inn på Dine sider