Når du er ferdig med utdanninga di, skal du begynne å betale tilbake lånet ditt. Du må også begynne å betale dersom du fortset å studere utan støtte, byter til deltidsutdanning, tek ein pause i utdanninga eller er i permisjon.
Du får ikkje betalingsplan eller rekning med ein gong du er ferdig med å studere og ikkje lenger mottek studiestøtte. Frå siste utbetaling frå oss, til du får den første rekninga går det rundt sju månader. Ønskjer du å starte nedbetalinga med ein gong, kan du sjølv bestille betalingsplan på Dine sider. Du kan også sjå ei tidslinje over prosessen under menypunktet «Frå student til tilbakebetalar» på Dine sider.
Dette skjer når du skal betale tilbake
- Renter blir lagt til på lånet ditt
Det første som skjer er at det blir lagt til renter på lånet ditt. Dette skjer ved månadsskiftet etter den perioden du har fått støtte til fulltidsutdanning for (støtteperioden) tar slutt. Renta i Lånekassen er marknadsstyrt og alle får automatisk flytande rente. Du kan søkje om fast rente når du har fått betalingsplanen frå oss. Les meir om renter.
- Du får automatisk ein betalingsplan
Rundt fem månader etter du fekk siste utbetaling frå Lånekassen, blir det automatisk laga ein betalingsplan. Denne får du på Dine sider. Betalingsplanen inneheld informasjon om kor mykje du skal betale kvar månad, og når du skal vere ferdig å betale ned lånet ditt.
Ønskjer du å starte nedbetalinga tidlegare eller betale ned raskare, kan du ordne det på Dine sider.
- Omgjering av lån til stipend
Omgjering av lån til stipend skjer i løpet av sommaren/hausten. Betalingsplanen din blir automatisk oppdatert etter omgjeringa, slik at månadsbeløpet blir korrekt. Dei rentene som er lagde til på det beløpet som blir gjort om til stipend, blir sletta.
- Du får den første rekninga di
Rundt ein månad etter at du får betalingsplanen, får du den første rekninga. Du kan velje å betale med e-faktura eller avtalegiro, dette bestiller du på Dine sider. Du får automatisk den 15. som betalingsdato, men du kan sjølv velje mellom den 5., 15. og 25. i månaden på Dine sider.