Kvifor har eg fått rekning når eg berre har søkt om stipend?

Sist oppdatert: 05.08.2019
Du har fått ei rekning fordi lånet ditt ikkje er gjort om til stipend ennå. Du må enten betale rekninga, eller søkje om betalingsutsetjing.

Når du får støtte frå Lånekassen, blir alt i første omgang gitt som lån. Men inntil 40 prosent av lånet ditt kan bli gjort om til stipend. Dette kallar vi omgjering. Sjølv om du berre har søkt om stipend, har du altså fått beløpet utbetalt som lån.

Omgjeringa skjer når skatteetaten sender likninga di til oss i løpet av sommaren/hausten året etter at du fekk støtte. Derfor må du vente ei stund før du veit kor mykje som blir gjort om til stipend.

Omgjering til stipend skjer etter tre vilkår

  • Du kan ikkje bu saman med foreldra dine
  • Du må bestå utdanninga du har fått støtte til
  • Du kan ikkje ha inntekt, trygd eller formue over gjeldande grenser

Les meir om omgjering her.

Søk om betalingsutsetjing om du ikkje kan betale

Kan du ikkje betale må du søkje om betalingsutsetjing. Betaler du rekninga får du tilbake beløpet når lånet har blitt gjort om til stipend.

Du kan utsette betalingar i opptil tre år, 36 gonger, til saman. Utset du betalinga, bruker du av desse. Får du gjort om heile lånet til stipend, vil ikkje betalingsutsetjinga føre til ekstra renter.

Betalt rekning blir refundert etter omgjering

Dersom du betaler rekningane dine fram til omgjeringa skjer, vil beløpet som du har rett til som stipend, og som du har betalt inn, automatisk bli refundert når omgjeringa har skjedd. Renter vil også bli sletta og refunderte.

Kvifor må eg betale så mykje når eg berre søkte om stipend og litt lån?

Dersom du søkte om stipend og i tillegg eit avgrensa lån (for eksempel 10 000 kroner i tillegg til omgjeringslånet), har du både omgjeringslån og eit vanleg lån. Det beløpet du fekk som vanleg lån, må du betale tilbake.