Sletting av gjeld ved enkelte lærarutdanningar

Sist oppdatert: 31.07.2019
Låntakarar som fullfører lærarutdanningar innan realfag, framandspråk, samisk eller kvensk kan få sletta inntil kr 50 000 av studielånet.

Realfag og framandspråk

Du kan berre få sletta gjeld dersom faga er ein øvrig del av masterprogrammet. Følgjande program gjer rett til ettergjeving:

  • integrert masterprogram i lærerutdanning med realfag eller framandspråk
    (bortsett frå nordisk/norsk)
  • toårig fagdidaktisk masterprogram for lærarar i realfag eller framandspråk
    (bortsett frå nordisk/norsk)
  • praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom du tidlegare har fullført mastergrad eller hovudfag i biologi, fysikk, geofag, informasjonsteknologi, kjemi, matematikk, teknologiske fag/sivilingeniørutdanning eller framandspråk (bortsett frå nordisk/norsk)
  • praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), dersom låntakaren tidlegare har fullført ingeniørutdanning

Samisk eller kvensk

Ordninga gjeld deg som fullfører 60 studiepoeng eller meir i samisk språk som del av desse utdanningane:

  • Samisk grunnskolelærarutdanning (Samisk høgskole)
  • Samisk barnehagelærarutdanning (Samisk høgskole)
  • 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk som del av grunnskolelærarutdanning
  • 60 studiepoeng samisk eller kvensk som del av lektorutdanning

Ordninga gjel også låntakarar som tek desse utdanningane:

  • 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk dersom du tidlegare har fullført praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) dersom du tidlegare har avlagt 60 studiepoeng i samisk eller kvensk språk
  • 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk dersom du tidlegare har fullført barnehagelærarutdanning
  • Fullført barnehagelærarutdanning dersom du tidlegare har avlagt 60 studiepoeng samisk eller kvensk språk

Dersom du fyller vilkåra over, kan du få sletta gjeld med opptil 50 000 kr. Dersom du har mindre gjeld enn 50 000, vil du få sletta resten av lånet ditt.

Du kan lese meir om sletting av gjeld for enkelte lærarutdanningar i forskrifta for tilbakebetaling.

Slik søkjer du

Du må sjølv søkje om å få sletta gjelda di. Du må sende eit brev til oss der du oppgir kva utdanningar du har teke og skriv at du søkjer om å få sletta deler av gjelda di. Det er viktig at du legg ved ein kopi av vitnemål for utdanningane du har teke.

Du kan sende søknaden til:

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at eksamen er gjennomført. Du vil få beskjed i eit eige brev når slettinga er gjort. Du kan også sjå om du har fått slettta gjeld på Dine sider, under "kontobevegelser".