Sletting av gjeld for grunnskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms

Sist oppdatert: 31.07.2019
Grunnskolelærarar i Finnmark og utvalde kommunar i Nord-Troms få sletta inntil 20 000 kroner i året av studielånet sitt.

Ordninga omfatter deg som

  • er lærar i Finnmark eller Nord-Troms (Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Karlsøy).
  • oppfyller kompetansekrava etter opplæringslova § 10-1.
  • har vore yrkesaktiv i minst 50 prosent undervisningsstilling i grunnskolen i tolv samanhengande månader.

Formålet med ordninga er å styrke rekrutteringa av kvalifiserte grunnskolelærarar lengst nord i landet. Ordninga fungerer slik at du først må jobbe som grunnskolelærar i Finnmark eller Nord-Troms i eitt år. Deretter kan du få sletta studielån dersom du søkjer om det.

Slik søkjer du

Fyll ut søknadsskjema L, og send det til Lånekassen, Postboks 450 Alnabru, 0614 Oslo.

Søknadsfrist

Du må søkje innan tre månader etter at du har jobba som lærar i eitt år (oppteningsperiode). Det tidlegaste tidspunktet vi reknar opptening frå er 1. august 2017.

Du kan ha rett til å få sletta meir gjeld

Denne ordninga kjem i tillegg til den gjeldande ordninga for sletting av gjeld for yrkesaktive i Finnmark og Nord-Troms. Du vil dermed kunne få sletta inntil 45 000 kroner i året av studielånet.

Mellombels ordning

Ordninga er mellombels og skal etter planen avviklast i 2022. Bakgrunnen for dette er at den skal erstattast av ei anna ordning for sletting av gjeld for lærarar