Ny ordning for sletting av gjeld for lærarar i grunnopplæringa

Sist oppdatert: 23.05.2019
Starta du på ei grunnskolelærar- eller lektorutdanning hausten 2017 eller seinare, kan du få sletta delar av studielånet ditt dersom du jobbar som lærar i grunnopplæringa i ein oppteningsperiode etter studia.

Den nye ordninga gjeldt for studentar som startar utdanninga frå og med undervisningsåret 2017-2018, og dei første kan få sletta gjeld i 2025.

Slik blir dei nye ordningane

For deg som tar grunnskolelærarutdanning 1-7

Dersom du fullfører grunnskolelærarutdanning trinn 1-7, kan du få sletta 106 000 kroner av studielånet ditt. Vilkåra er at du fullfører studia på normert tid og at du har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga.

For deg som tar grunnskolelærarutdanning 5-10

Dersom du fullfører grunnskolelærarutdanning trinn 5-10, og jobbar som lærar i minst tre år, kan du få sletta 51 000 kroner av studielånet ditt. Vilkåra er at du fullfører studia på normert tid og at du har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter du har fullført utdanninga.

For deg som tar lektorutdanning for trinn 8-13

Dersom du fullfører lektorutdanning trinn 8-13, og jobbar som lærar i minst tre år, kan du få sletta 51 000 kroner av studielånet ditt. Vilkåra er at du fullfører studia på normert tid og at du har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter du har fullført utdanninga.

For deg som er lærar i Nord-Noreg

Dersom du fullfører grunnskolelærar- eller lektorutdanning, og jobbar som lærar i Nordland, Troms eller Finnmark i minst tre år, kan du få sletta 55 000 kroner av studielånet ditt. Du treng ikkje å ha fullført studia på normert tid, men du må ha jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter at du har fullført utdanninga. Som yrkesaktiv i Finnmark og Nord-Troms kan du i tillegg ha rett til å få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt per år.

Ordningane kan kombinerast

Dei forskjellige ordningane kan kombinerast. Dersom du for eksempel fullfører grunnskolelærar trinn 1-7 på normert tid og jobbar tre år som lærar i Nord-Noreg, kan du få sletta 161 000 kroner av studielånet.

Slik søker du om sletting av gjeld

Du kan først søke om sletting av gjeld etter at oppteningstida er ute, det vil seie når du er ferdig med utdanninga di og har jobba minst tre år som lærar. Søknaden må ha kome til oss seinast seks månader etter at oppteningstida er ferdig.

Gjeldande ordningar for sletting av studielån for lærarar

Det finst allereie ordningar for sletting av gjeld for lærarar i Nord-Noreg, og for sletting av gjeld for lærarar med spesialisering i realfag, framandspråk eller samisk.

Meir om vilkåra for å få sletta gjeld

• Du må ha jobba som lærar i grunnskolen i minst 50 prosent stilling i minst tre av dei første seks åra etter fullført utdanning.

• Du kan få unntak frå kravet om å ta utdanninga på normert tid, dersom årsaka til forseinkinga var fødsel, sjukdom eller funksjonshemming i studiesituasjonen.