Arbeidsløyse

Sist oppdatert: 18.02.2019
Dersom du har vore registrert arbeidsledig, kan du få sletta renter på studielånet for perioden du var arbeidsledig.

Lånekassen kan slette renter som er lagde til lånet ditt i ein periode. Vi slettar berre renter som allereie har blitt lagt til gjelda di.

Du må ha vore registrert arbeidsledig hos Nav for å ha rett til å få sletta renter. Derfor er det viktig at du registrerer deg straks du blir arbeidsledig, slik at du kan få sletta renter for heile perioden du har vore utan jobb.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av arbeidsløyse

  • Du må sende inn søknad om sletting av renter.
  • Du må ha vore registrert arbeidsledig i minst tre månader samanhengande.
  • Inntekta din må ikkje ha vore over inntektsgrensene.

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon til søknaden

Du treng ikkje å sende inn noko dokumentasjon med søknaden dersom du søker på grunn av arbeidsløyse. Lånekassen hentar automatisk inn informasjon frå Nav om arbeidsløyse og frå Skatteetaten om inntekt.

Unntaket er dersom du er busett i utlandet. Då må du sjølv sende inn dokumentasjon frå utanlandsk arbeidsformidling på perioden du har vore arbeidsledig.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søke ein gong i året, helst straks året er slutt.

Det er lettare å søke ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. I alle tilfelle kan ikkje Lånekassen fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søker for. Grunnen er at søknaden om sletting av renter blir vurdert etter årsinntekta di slik den blir vist i fastsetjinga (likninga), og vi får ikkje denne informasjonen frå Skatteetaten før mot slutten av året.

Slik søkjer du

Du må vente med å søke til perioden du skal søke for, er over. Vi kan berre slette renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2016 dersom du søker i løpet av 2019. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søke innan fristen.

Du kan enkelt søke elektronisk på Dine sider.

Gå til Dine sider

Inntektsgrense

Kor mange månader du kan få sletta renter, er avhengig av kor høg inntekt du har hatt i året du søker for. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekt, det får vi automatisk frå Skatteetaten. Unntaket er om du bur i utlandet. Tabellen under visar kor lenge du kan få sletta renter, gitt inntekta du har hatt.

Person- og kapitalinntekt i 2019 Antall månader med rett til sletting av renter
338 733 1
333 139 2
327 545 3
321 950 4
316 356 5
310 760 6
305 168 7
299 573 8
293 978 9
288 383 10
282 788 11
277 195 12

Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 15 020 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

Som "barn" reknar vi med:

  •     eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  •     barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søker for
  •     barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer for.

Her finn du inntektsgrenser for tidlegare år.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du får sletta renter før fastsetjinga (likninga) for året du søker for er klar, og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter perioden du søker om å få sletta renter for. Det vil seie at dersom du søker om å få sletta renter for ein periode i 2018, vil du ikkje få endeleg svar før på hausten i 2019. Mens du ventar på dette, vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.