Fødsel eller adopsjon

Sist oppdatert: 18.02.2019
Du kan få sletta renter ved fødsel eller adopsjon når du har omsorg for barnet.

Lånekassen kan slette renter som er lagde til lånet ditt i ein periode etter du har fått barn.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av fødsel eller adopsjon

  • Du må sende inn søknad om sletting av renter.
  • Du har fått barn du har omsorg for, eller du har adoptert eit barn under ti år.
  • Inntekta di og familien sin samla inntekt må ikkje ha vore over inntektsgrensene.

Dersom du søker om sletting av renter på grunn av fødsel eller adopsjon for periodar i 2017 eller tidlegare, er det berre inntekta til den som søker som blir rekna med. Les om inntektsgrensene for tidlegare år.

Dokumentasjon du må sende inn

  • Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon dersom barna og ektefelle/sambuar har same folkeregistrerte adresse som deg.
  • Dersom du ikkje står registrert med same adresse som barnet, må du sende inn dokumentasjon på at du likevel har minst 40 prosent samvær (f. eks. samværserklæring signert av begge foreldra).

Du kan enkelt laste opp dokumentasjonen samtidig som du søker. Dersom du ikkje har dokumentasjonen tilgjengeleg med ein gong, kan du laste den opp seinare på Dine sider.

Slik søker du

Du må vente med å søke til perioden du skal søke for, er over. Lånekassen slettar berre renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2016 dersom du søker i løpet av 2019. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søke innan fristen.

Du kan enkelt søke elektronisk på Dine sider.

Gå til søknaden

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du får sletta renter før fastsetjinga (likninga) for året du søker for er klar, og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter perioden du søker om å få sletta renter for. Det vil seie at dersom du søker om å få sletta renter for ein periode i 2018, vil du ikkje få endeleg svar før på hausten i 2019. Mens du ventar på dette, vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.

Grenser for inntekt ved fødsel og adopsjon

For å få sletta renter på grunn av fødsel eller adopsjon, må både din eigen og familien sin samla inntekt vere under grensene. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekta, det hentar vi automatisk frå Skatteetaten. Unntaket er dersom du bur i utlandet.

Inntektsgrenser - eiga inntekt

Person- og kapitalinntekt i 2019 Månader med rett til sletting av renter
338 733
1
333 139
2
327 545
3
321 950
4
316 356
5
310 760
6
305 168
7
299 573
8
293 978
9
288 383
10
282 788
11
277 195
12

Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 15 020 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

Familien si samla inntekt

Dersom du var gift, eller sambuar med felles barn i den perioden du søker om å få sletta renter for, blir inntekta til ektefellen eller sambuaren din tatt med i vurderinga. Den samla inntekta dykkar må vere under 554 492 kroner. Inntektsgrensa blir heva med 30 063 per barn i familien som er 16 år eller yngre. Er det for eksempel to barn i familien, blir grensa altså 614 618 kroner.

Dersom du søker om sletting av renter på grunn av fødsel eller adopsjon for periodar i 2017 eller tidlegare, er det berre inntekta til den som søker som blir rekna med. Les om inntektsgrensene for tidlegare år.

Som "barn" reknar vi med:

  • eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  • barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søker om sletting av renter for
  • barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med barnet til sambuaren minst 40 prosent av tida i perioden du søker om sletting av renter for.

Vi reknar barnet som under 16 år til og med det året barnet fyller 16.