Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Grenser for inntekt ved fødsel og adopsjon

    For å få sletta renter på grunn av fødsel eller adopsjon, må både din eigen og familien sin samla inntekt vere under grensene. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekta, det hentar vi automatisk frå Skatteetaten. Unntaket er dersom du bur i utlandet.

    Inntektsgrenser - eiga inntekt

    Person- og kapitalinntekt i 2020
    Månader med rett til sletting av renter
    350 927 1
    345 132 2
    339 337 3
    333 540 4
    327 745 5
    321 947 6
    316 154 7
    310 358 8
    304 561 9
    298 765 10
    292 968 11
    287 174 12

    Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 15 561 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

    Familien si samla inntekt

    Dersom du var gift, eller sambuar med felles barn i den perioden du søker om å få sletta renter for, blir inntekta til ektefellen eller sambuaren din tatt med i vurderinga. Den samla inntekta dykkar må vere under 574 454 kroner. Inntektsgrensa blir heva med 31 145 per barn i familien som er 16 år eller yngre. Er det for eksempel to barn i familien, blir grensa altså 636 744 kroner.

    Dersom du søker om sletting av renter på grunn av fødsel eller adopsjon for periodar i 2017 eller tidlegare, er det berre inntekta til den som søker som blir rekna med. Les om inntektsgrensene for tidlegare år.

    Som "barn" reknar vi med:

    • eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
    • barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søker om sletting av renter for
    • barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med barnet til sambuaren minst 40 prosent av tida i perioden du søker om sletting av renter for.

    Vi reknar barnet som under 16 år til og med det året barnet fyller 16.