Låg inntekt ved fulltidsarbeid

Sist oppdatert: 02.01.2019
Har du fulltidsarbeid med svært låg inntekt, kan du få sletta renter på studielånet.

Du kan få sletta renter på grunn av låg inntekt ved fulltidsarbeid i inntil tre år til saman. Merk at frivillig ulønna arbeid ikkje gir rett til sletting av renter.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av låg inntekt

  • Du må sende inn ein søknad om sletting av renter
  • Du må ha hatt samanhengande fulltidsarbeid i minst tolv månader
  • Di brutto månadsinntekt må ikkje ha vore over 16 447 kroner i gjennomsnitt i den same perioden.
  • Den samla årsinntekta til deg og den eventuelle ektefellen eller sambuaren din må ikkje ha vore over inntektsgrensene.

Dokumentasjon du må sende inn

Dersom du har vore i ordinært arbeid, må du sende inn

  • stadfesting frå arbeidsgivar på perioden du har hatt fulltidsarbeid, og på den brutto månadsinntekta di i perioden

Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande, må du sende inn

  • stadfesting på registrert føretak i Brønnøysundregisteret
  • kopi av skattefastsetjing (likning) for det aktuelle tidsrommet
  • kopi av avtalar/timelister/lønnsslepp/fakturaer eller liknande

Dersom du er kunstnar, må du sende inn

  • dokumentasjon som viser at du jobbar som kunstnar på fulltid. Du må sende inn kopi av avtalar/timelister/lønnsslepp/fakturaer eller liknande. Dersom du er medlem i ein yrkesorganisasjon for kunstnarar, og/eller er registrert i Brønnøysundregisteret, kan du dokumentere det i tillegg
  • dokumentasjon som viser bruttoinntekta di for den perioden du søkjer om å få sletta renter for

Du kan enkelt laste opp dokumentasjonen samtidig som du søkjer. Dersom du ikkje har dokumentasjonen tilgjengeleg med ein gong, kan du laste den opp seinare på Dine sider.

Søk ein gong i året

Det enklaste er å søkje ein gong i året, helst straks året er slutt.

Det er lettare å søkje ein gong for fleire periodar samla, og då kan du også sende inn all dokumentasjonen samla. I alle tilfelle kan ikkje Lånekassen fatte endeleg vedtak før mot slutten av året etter det året du søkjer  for. Grunnen er at søknaden om sletting av renter blir vurdert opp mot årsinntekta di slik den blir vist i fastsetjinga (likninga), og vi får ikkje denne informasjonen frå skatteetaten før mot slutten av året.

Slik søkjer du

Du må vente med å søkje til perioden du skal søkje for, er over. Lånekassen sletter berre renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2016 dersom du søkjer i løpet av 2019. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søkje innan fristen.

Du kan enkelt søkje elektronisk på Dine sider.

Gå til søknaden

Inntektsgrense ved fulltidsarbeid

Den gjennomsnittlege bruttoinntekta din må ha vore 16 447 kroner eller mindre per månad i perioden du søkjer om sletting av renter for.

I tillegg kan ikkje den samla inntekta i familien, altså inntekta til ektefelle eller sambuar du har felles barn med, vere høgare enn 554 492 kroner. Dersom du har barn, blir denne grensa heva med 30 063 kroner per barn du forsørgjer.

Som "barn" reknar vi med:

  • eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  • barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer om sletting av renter for.
  • barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer om sletting av renter for.
  • vi reknar barnet som under 16 år til og med det året barnet fyller 16.

Grensene som er nemnt her, gjeld 2019. Les om inntektsgrenser for tidlegare år.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du får sletta renter før fastsetjinga (likninga) for året du søker for er klar, og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter perioden du søker om å få sletta renter for. Det vil seie at dersom du søker om å få sletta renter for ein periode i 2018, vil du ikkje få endeleg svar før på hausten i 2019. Mens du ventar på dette, vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.