Hopp til innhold

Hopp til login

Språkmeny

    Hovedmeny

    Etterbetalt trygd eller pensjon?

    Dersom du får etterbetalt trygd eller pensjon (for eksempel etterbetaling av arbeidsavklaringspengar), blir heile etterbetalinga registrert på skattefastsetjinga (likninga) for det året du får utbetalinga. Lånekassen bruker inntektsopplysningane frå fastsetjinga til å vurdere om du har rett til sletting av renter, og store etterbetalingar kan føre til at du får avslag på søknaden din.

    Lånekassen kan fordele slike etterbetalingar på dei åra dei gjeld, men du må sende inn oss eit brev der du søkjer om det. Du må også leggje ved kopi av fastsetjinga og dokumentasjon frå Nav som viser kva delar av utbetalinga som er for tidlegare år.

    Ver merksam på at om du har søkt om sletting av renter for føregåande år, vil vi også vurdere dei søknadene på nytt, sidan inntekta di for dei tidlegare åra blir oppjustert. Dersomretten til å få sletta renter som du tidlegare en innvilga, vil det føre til at gjelda di aukar.