Omsorgsarbeid

Sist oppdatert: 31.07.2019
Du kan få sletta renter når du har ei stor omsorgsbelastning i nær familie.

Lånekassen kan slette renter som er lagde til lånet ditt i ein periode du har stor omsorgsbelastning i nær familie. Dette gjeld uføre, personar med nedsett funksjonsevne og eldre med stort pleiebehov.

Søker du om sletting av renter for 2017 eller tidlegare, kan du også søke på grunnlag av at du har omsorg for barn under ti år.

Dette skal til for å få rentefritak på grunn av omsorg

  • Du må sende inn søknad om rentefritak
  • Du har omsorg for pleietrengjande i nær familie. Du må ha ei omsorgsbelastning tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid.
  • Omsorgsarbeidet må ha vart i minst tre månader i strekk.
  • Inntekta din og familien sin samla inntekt må ikkje vere over inntektsgrensene for rentefritak

Dokumentasjon du må sende inn

Du må sende oss dokumentasjon frå lege, anna helsestyresmakt eller NAV som viser at du har ei omsorgsbelastning tilsvarande minst 50 prosent av fulltidsarbeid og at belastninga har vart i minst tre samanhengande månader. Dersom du mottek pleiepengar, kan du sende inn stadfesting på dette som dokumentasjon.

Dokumentasjon som viser omsorgsbelastning er personsensitiv informasjon. Derfor må du sende den i posten til

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Merk dokumentasjonen med kundenummeret ditt i Lånekassen eller fødsels- og personnummeret ditt.

Slik søker du

Du må vente med å søke til perioden du skal søke for, er over. Lånekassen slettar berre renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2016 dersom du søker i løpet av 2019. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søke innan fristen.

Du kan enkelt søke elektronisk på Dine sider.

Gå til Dine sider

Inntektsgrense ved omsorgsarbeid i nær familie

For å få sletta renter på grunn av omsorgsarbeid, må både di eiga og familien sin samla inntekt vere under grensene. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekta, det hentar vi automatisk frå Skatteetaten. Unntaket er dersom du bur i utlandet.

Inntektsgrenser for sletting av renter - eiga inntekt

 
Person- og kapitalinntekt i 2019 Månader med rett til sletting av renter
338 733 1
333 139 2
327 545 3
321 950 4
316 356 5
310 760 6
305 168 7
299 573 8
293 978 9
288 383 10
282 788 11
277 195 12

Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 15 020 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

Familien sin samla inntekt

Dersom du var gift, eller sambuar med felles barn i den perioden du søker om å få sletta renter for, blir inntekta til ektefellen eller sambuaren din tatt med i vurderinga. Den samla inntekta dykkar må vere under 554 492 kroner. Inntektsgrensa blir hevd med 30 063 kroner per barn i familien som er 16 år eller yngre. Er det for eksempel to barn i familien, blir grensa altså 614 618 kroner.

Som "barn" reknar vi med:

  • eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  • barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søker om sletting av renter for
  • barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søker om sletting av renter for.
  • vi reknar barnet som under 16 år til og med det året barnet fyller 16.

Les om inntektsgrensene for tidlegare år.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du får sletta renter før fastsetjinga (likninga) for året du søker for er klar, og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter perioden du søker om å få sletta renter for. Det vil seie at dersom du søker om å få sletta renter for ein periode i 2018, vil du ikkje få endeleg svar før på hausten i 2019. Mens du ventar på dette, vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.