Studenttillitsverv

Sist oppdatert: 02.01.2019
Har du tillitsverv i ein student- eller elevorganisasjon, kan du få sletta renter på studielånet for den perioden du har vervet.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av tillitsverv

  • Du må sende inn ein søknad om sletting av renter.
  • Du må ha hatt tillitsverv på fulltid i landsomfattande elev- eller studentorganisasjon, eller i samband med utdanningsinstitusjon eller studentsamskipnad.
  • Tillitsvervet må ha vart i minst tre månader samanhengande.
  • Årsinntekta din må ikkje ha vore over inntektsgrensene.

Dokumentasjon du må sende inn

  • Stadfesting frå organisasjonen som viser kva tillitsverv du har hatt og kor lenge det varte

Du kan enkelt laste opp dokumentasjonen samtidig som du søkjer. Dersom du ikkje har dokumentasjonen tilgjengeleg med ein gong, kan du laste den opp seinare på Dine sider.

Slik søkjer du

Du må vente med å søkje til perioden du skal søkje for, er over. Lånekassen sletter berre renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2016 dersom du søkjer i løpet av 2019. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søkje innan fristen.

Du kan enkelt søkje elektronisk på Dine sider.

Gå til søknaden

Inntektsgrense

Kor mange månader du kan få sletta renter, er avhengig av kor høg inntekt du har hatt i året du søker for. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekt, det får vi automatisk frå Skatteetaten. Unntaket er om du bur i utlandet. Tabellen under visar kor lenge du kan få sletta renter, gitt inntekta du har hatt.

Person- og kapitalinntekt i 2019 Antall månader med rett til sletting av renter
338 733 1
333 139 2
327 545 3
321 950 4
316 356 5
310 760 6
305 168 7
299 573 8
293 978 9
288 383 10
282 788 11
277 195 12

Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 15 020 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

Som "barn" reknar vi med:

  •     eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  •     barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søker for
  •     barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer for.

Her finn du inntektsgrenser for tidlegare år.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du får sletta renter før fastsetjinga (likninga) for året du søker for er klar, og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter perioden du søker om å få sletta renter for. Det vil seie at dersom du søker om å få sletta renter for ein periode i 2018, vil du ikkje få endeleg svar før på hausten i 2019. Mens du ventar på dette, vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.