Utdanning på deltid

Sist oppdatert: 18.02.2019
Du kan få sletta renter på lånet ditt dersom du er i utdanning på deltid du har rett til støtte til, og har inntekt under grensene.

Du må vente med å søke til heile utdanninga er ferdig. Retten til å få sletta renter på grunn av utdanning vil ikkje vere forelda før tre år etter utdanningsprogrammet ditt er normert avslutta.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av utdanning på deltid

  • For å få sletta renter på grunn av deltidsutdanning må du ha rett til støtte frå Lånekassen til utdanninga di. Du kan berre få sletta renter for periodar du har rett til utdanningsstøtte.

    Det betyr at dersom du tar utdanning som ikkje er støtta av Lånekassen, eller av andre grunnar ikkje har rett til støtte, har du heller ikkje rett til å få sletta renter.
  • Du må sende inn søknad om sletting av renter.
  • Du må bestå utdanning.
  • Inntekta du må ikkje vere over inntektsgrensene.

Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon til søknaden

Du treng ikkje å leggje ved dokumentasjon til søknaden dersom du søker på grunn av utdanning. Vi hentar automatisk informasjon om eksamensresultat og inntekt.

Unntaket er om du søker om sletting av renter på grunn av obligatorisk praksis eller dersom du har vore lærling. Då må du sende inn dokumentasjon som viser i kva for ein periode du har praksis, og at praksisen er ein obligatorisk del av studieopplegget ditt. Har du vore lærling må du sende inn kopi av lærekontrakten.

Slik søker du

Du må vente med å søke til perioden du skal søke for, er over. Vi kan berre slette renter som allereie er lagde til lånet ditt.

Gå til søknaden

Inntektsgrense

Kor mange månader du kan få sletta renter, er avhengig av kor høg inntekt du har hatt i året du søker for. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekt, det får vi automatisk frå Skatteetaten. Unntaket er om du bur i utlandet. Tabellen under visar kor lenge du kan få sletta renter, gitt inntekta du har hatt.

Person- og kapitalinntekt i 2019 Antall månader med rett til sletting av renter
338 733 1
333 139 2
327 545 3
321 950 4
316 356 5
310 760 6
305 168 7
299 573 8
293 978 9
288 383 10
282 788 11
277 195 12

Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 15 020 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

Som "barn" reknar vi med:

  •     eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  •     barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søker for
  •     barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer for.

Her finn du inntektsgrenser for tidlegare år.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du får sletta renter før fastsetjinga (likninga) for året du søker for er klar, og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter perioden du søker om å få sletta renter for. Det vil seie at dersom du søker om å få sletta renter for ein periode i 2018, vil du ikkje få endeleg svar før på hausten i 2019. Mens du ventar på dette, vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.