Førstegongsteneste

Sist oppdatert: 27.12.2019
Når du avtener førstegongsteneste, kan du få sletta renter på studielånet for perioden du tenestegjorde.

Lånekassen kan slette renter som er lagde til lånet ditt i perioden du har avtent førstegongsteneste.

Dette skal til for å få sletta renter på grunn av førstegongsteneste

  • Du må sende inn søknad om sletting av renter.
  • Du kan få sletta renter dersom du utfører førstegongsteneste eller er elev ved ein militær skole, som for eksempel befalsskole.
  • Tenesta må vare i minst tre månader samanhengande.
  • Statsborgarar frå EU/EØS-land kan få sletta renter når dei utfører førstegongsteneste i heimlandet. Les meir om sletting av renter dersom du bur i utlandet.
  • Inntekta din må ikkje ha vore over inntektsgrensene.

Dokumentasjon du må sende inn

I tillegg til å søke om sletting av renter må du dokumentere at du har vore i førstegongsteneste. Derfor må du sende inn

  • stadfesting på utført førstegongsteneste med stempel og underskrift frå militæret. Du kan bruke dimisjonsattesten.

Du kan enkelt laste opp dokumentasjonen samtidig som du sender inn søknaden. Dersom du ikkje har dokumentasjonen tilgjengeleg med ein gong, kan du laste den opp seinare på Dine sider.

Slik søker du

Du må vente med å søke til perioden du skal søke om sletting av renter for, er over. Lånekassen slettar berre renter på etterskott, men det er ein frist på tre år. Det vil seie at du kan få sletta renter tilbake til 1. januar 2017 dersom du søker i løpet av 2020. Vi kan gjere unntak dersom det er særlege grunnar til at du ikkje har kunna søke innan fristen.

Du kan enkelt søke elektronisk på Dine sider.

Gå til søknaden

Inntektsgrense

Kor mange månader du kan få sletta renter, er avhengig av kor høg inntekt du har hatt i året du søker for. Du treng ikkje å sende inn dokumentasjon på inntekt, det får vi automatisk frå Skatteetaten. Unntaket er om du bur i utlandet. Tabellen under visar kor lenge du kan få sletta renter, gitt inntekta du har hatt.

Person- og kapitalinntekt i 2020
Månader med rett til sletting av renter
350 927 1
345 132 2
339 337 3
333 540 4
327 745 5
321 947 6
316 154 7
310 358 8
304 561 9
298 765 10
292 968 11
287 174 12

Dersom du har barn aukar inntektsgrensa med 15 561 kroner for kvart barn som er 16 år eller yngre.

Som "barn" reknar vi med:

  •     eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
  •     barn av ektefellen din, dersom du bur saman med dette barnet minst 40 prosent av tida i perioden du søker for
  •     barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren i tillegg har felles barn og du bur saman med sambuaren sine barn minst 40 prosent av tida i perioden du søkjer for.

Her finn du inntektsgrenser for tidlegare år.

Når får eg svar?

Du får ikkje eit endeleg svar på om du får sletta renter før fastsetjinga (likninga) for året du søker for er klar, og vi har fått tilsendt likningsopplysningane frå skatteetaten.

Fastsetjinga er klar i løpet av hausten året etter perioden du søker om å få sletta renter for. Det vil seie at dersom du søker om å få sletta renter for ein periode i 2018, vil du ikkje få endeleg svar før på hausten i 2019. Mens du ventar på dette, vil du få eit vedtaksbrev med eit førebels svar om at du vil få endeleg svar i eit nytt vedtaksbrev etter at fastsetjingsopplysningane er klare. Det skjer automatisk.