Avtalegiro-sjekkliste

Sist oppdatert: 02.01.2019
Har du avtalegiro, men opplever problem? Her er dei vanlegaste årsakane til at du har fått rekning på papir eller fått purring.

Hugs at du finn oppdatert informasjon om den siste rekninga di på Dine sider.

Sjekkliste

  1. Er avtalen aktiv?
    Det tar nokre dagar frå du inngår avtalen til avtalen er aktiv. Dette må du sjekke i nettbanken din. Inngjekk du avtalen etter at vi sende ei ny rekning, vil du få den i posten eller som e-faktura. Får du rekning på papir eller e-faktura, må du uansett betale den.
  2. Har du sett eit høgt nok maksbeløp?
    Når du vel avtalegiro, kan du setje ei grense for kor stort beløp som kan bli trekt frå kontoen din. Set beløpsgrensa til fire gongar månadsbeløpet. Vi trekkjer ikkje meir enn det beløpet som står på rekninga, uansett kor høg beløpsgrensa er.
  3. Har du bytt bank?
    Når du byter bank, må du opprette ein ny avtale i den nye banken din. Når du opprettar ny avtale vil den gamle avtalen automatisk avsluttast. Du opprettar ny avtale i den nettbanken du har bytt til.
  4. Har du dekning på kontoen?
    Du må ha dekning på kontoen den datoen rekninga din har betalingsfrist. Passar ikkje den betalingsfristen du har på rekningane dine, kan du endre datoen på Dine sider. Du kan velje forfallsdatoane 5., 15. eller 25.
  5. Har du søkt om betalingsutsetjing?
    Har du avtalegiro og har fått betalingsutsetjing, må du sjølv stoppe det månadlege trekket i nettbanken din. Har du fått betalingsutsetjing for fleire periodar, held det å berre stoppe det første trekket, vi sender ikkje ut rekningar for resten av perioden du har fått betalingsutsetjing for. Ver merksemd på at du ikkje slettar avtalen, men berre stoppar forfall i nettbanken din.
  6. Har du framleis eit fast trekk nettbanken?
    Hadde du eit fast trekk i månaden til Lånekassen før du fekk avtalegiro? Sjekk at du har sletta det faste trekket i nettbanken din.