Innfri lånet

Sist oppdatert: 19.04.2018
Du kan når som helst innfri lånet ditt. Det vil seie at du betaler heile gjelda på ein gong.

Du kan innfri lånet ditt ved å betale inn til Lånekassens kontonummer 6345 05 08715 og bruke det faste KID-nummeret ditt. KID-nummeret ditt i Lånekassen er fast og du finn det under «din profil» på Dine sider.

Du kan også betale inn ekstra på ei vanleg rekning du har fått. På rekninga vil det stå kva resten av gjelda vil vere etter innbetalinga, og du kan plusse dette beløpet på den ordinære betalinga.

Informasjon om kor stor gjeld du har totalt, finn du under «gjelda di» på Dine sider. Merk at sjølv om du betaler heile beløpet du finn under «gjelda di», vil det stå igjen eit lite restbeløp etter innbetalinga. Det består av renter og eventuelle gebyr som er lagt til på lånet. Er restbeløpet stort nok, vil du måtte betale ei ekstra rekning før lånet ditt er heilt gjord opp.

Innfri lånet rett etter avslutta utdanning

Har du lån som skal bli gjort om til stipend etter bestått eksamen, bør du ikkje betale inn heile lånet, men la det stå igjen eit beløp som er like stort som det som skal gjerast om til stipend. Innfrir du heile lånet før omgjeringa, får du stipend du har rett til refundert etter omgjeringa. Kor mykje som kan bli omgjort ser du på Dine sider.

For deg med fast rente

Har du fast rente, blir det rekna rentetap/rentegevinst på lånet ditt dersom du betaler inn meir enn beløpet i fastrenteavtalen din. Når du inngår avtale om fast rente, inngår du samtidig ein avtale om å betale ned på lånet etter ein fast plan. Derfor utreknar vi om Lånekassen taper eller tener på at betaler ekstra. Dersom Lånekassen taper renteinntekter samanlikna med i fastrenteavtalen, blir beløpet vi taper lagt til lånet ditt. På den anna side, dersom Lånekassen tener renteinntekter på det, blir det tilsvarande beløpet sletta frå lånet ditt.

Les meir om rentegevinst og rentetap ved ekstra innbetalingar.

Før du innfrir lånet ditt

Dersom du vil innfri eller refinansiere lånet ditt, vêr klar over at lån i Lånekassen har nokre fordelar:

 

  • Sosiale ordningar som vanlege banker ikkje har
  • Det er ei personleg gjeld utan sikkerheit
  • Det har gratis gjeldsforsikring ved uførleik og død