Kva skjer med studielånet dersom eg skal studere igjen?

Sist oppdatert: 26.07.2018
Dersom du er tilbakebetaler og skal begynne å studere igjen, blir lånet ditt sett rente- og avdragsfritt dersom du får støtte til fulltidsutdanning.

Kva som skjer med det tidlegare lånet ditt kjem an på om du skal studere på fulltid eller deltid og om du får støtte frå Lånekassen eller ikkje.

Skal du studere på fulltid?

Får du støtte frå Lånekassen til fulltidsutdanning, blir lånet ditt sett rente- og avdragsfritt så lenge du får nytt stipend og/eller lån. Vi reknar fulltid som ei studiebelastning på 30 studiepoeng eller tilsvarande per semester. Det nye lånet blir lagt til den noverande lånesaldoen din. Når du ikkje får støtte frå oss lenger, får du tilsendt ein ny betalingsplan for heile lånet. Du treng ikkje å søkje om å få rente- og avdragsfridom, det skjer automatisk når du får ny støtte.

Dersom du får støtte til fulltidsutdanning, treng du ikkje betale rekningar som har forfall same månad som semesteret ditt begynner, forutsett at du har søkt om støtte i god tid.

Skal du studere på deltid?

Har du studielån frå før og får ny støtte til utdanning på deltid, blir ikkje lånet sett rente- og avdragsfritt. I slike situasjonar fortset du å betale på det gamle studielånet ditt, samtidig som du får ny støtte, men du kan samtidig ha rett til betalingsutsetjingar og sletting av renter. Ver merksam på at det er ei inntektsgrense for å ha rett til å få sletta renter ved utdanning på deltid. Les om sletting av renter ved deltidsutdanning.

Skal du studere utan støtte?

Dersom du studerer utan støtte frå Lånekassen, blir ikkje lånet sett rente- og avdragsfritt sjølv om du er fulltidsstudent. I utgangspunktet må du altså fortsetje å betale på lånet ditt. Som student kan du likevel ha rett til betalingsutsetjingar og sletting av renter for perioden du er i utdanning. Dette må du søkje om. Du kan søkje om betalingsutsetjing inntil seks månader framover i tid om gongen. Les meir om betalingsutsetjing. Du bruker ikkje av dei 36 betalingsutsetjingane du har rett til dersom du får sletta renter for den same perioden.

Er du student, kan du også søkje om å få sletta renter som har blitt lagt til på lånet ditt i perioden du er i utdanning. Det er eit vilkår for å få sletta renter på lånet at du ville hatt rett til støtte til utdanninga di dersom du hadde søkt. Les om sletting av renter når du er i utdanning.