Slik blir du tilbakebetalar

Sist oppdatert: 27.12.2016
Når du ikkje lenger mottek stipend og lån frå Lånekassen, skal du begynne å betale tilbake lånet ditt.

Dette gjeld også om du tek ein pause i utdanninga, er i permisjon, eller studerer utan stipend og lån frå Lånekassen. Du har ein betalingsfri periode på cirka sju månader frå siste semester med støtte, til du skal betale den første rekninga.

Slik blir du tilbakebetalar

  1. Renter blir lagde til på lånet ditt
    Det blir lagt til renter på lånet ved månadsskiftet etter at støtteperioden (perioden du har fått støtte for) er over. Støtteperioden varer i èin månad etter siste utbetaling. Det vil seie at dersom du fekk siste utbetaling i mai, vil rentene bli lagde til frå 1. juli. Dersom du studerte i utlandet, fekk du utbetalinga i starten av semesteret, men i dei fleste tilfelle er støtteperioden den same som for studentar i Noreg.

    Alle har i utgangspunktet flytande rente. Ønsker du fast rente, kan du søke om det på Dine sider. Renta i Lånekassen er marknadsstyrt.
  2. Registrering av eksamensresultat
    Lånekassen får automatisk eksamensresultat frå lærestader i Noreg. Det tek eit par månader frå du har bestått eksamen til vi har registrert resultata. Det vil seie at dersom du avslutta utdanninga di i mai, registrerer vi som regel eksamensresultata i løpet av juli.

    Har du studert i utlandet, må du sjølv sende inn eksamensresultata til oss.

    Har du bestått utdanninga din, må vi likevel vente på likninga di frå skatteetaten før vi kan gjere om lån til stipend.
  3. Du får betalingsplan
    Du får automatisk ein betalingsplan cirka fem månader etter at du sist mottok stipend og lån. Betalingsplanen inneheld vilkåra for tilbakebetalinga av studielånet ditt, blant anna kor mykje du skal betale kvar månad og når du skal vere ferdig å betale ned lånet ditt.

    Ønsker du å starte nedbetalinga tidlegare, kan du tinge betalingsplan på Dine sider. Vil du betale lånet raskare ned, kan du justere betalingsplanen på Dine sider.
  4. Omgjering av lån til stipend
    Omgjering av lån til stipend skjer i november året etter at du sist mottok stipend og lån. Det er i november vi mottek likninga di for det føregåande året. For eksempel: Består du utdanninga di i 2016, vil behovsprøving og omgjering først skje i november 2017. For å få full omgjering av lån til stipend, må du ha bestått utdanninga di og ha inntekt og formue under Lånekassens grensar. Du må også ha budd for deg sjølv. Les meir om omgjering.

    Får du gjort om lån til stipend, blir betalingsplanen din automatisk justert, slik at du får eit lågare beløp å betale kvar månad.
  5. Du får den første rekninga
    Omtrent seks månader etter siste periode med støtte får du tilsendt den første rekninga. Du kan velje å betale med avtalegiro eller e-faktura på Dine sider.

    Du kan sjølv velje mellom den 5., 15. og 25. i månaden som betalingsdato. Det gjer du på Dine sider. Gjer du ingenting, får du 15. som betalingsdato.

Eg har berre søkt om stipend. Kvifor skal eg betale?

Sjølv om du berre har søkt om stipend, blir denne støtta også utbetalt som eit lån. Dette lånet blir kalla omgjeringslån og blir gjort først om til stipend etter utdanninga er bestått og du har oppfylt dei andre vilkåra for omgjering av lån til stipend.

Dersom du ventar på å få lånet gjort om til stipend, kan du søke om betalingsutsetjing fram til omgjeringa skjer. Dette gjer du på Dine sider. Vi slettar rentene som har sprunge på beløpet som blir gjort om til stipend.

 

Eg kan ikkje betale på lånet nå

Dersom du ikkje har moglegheit til å betale på lånet ditt, kan du søke om betalingsutsetjing på Dine sider.

I nokre tilfelle kan du også ha rett til rentefritak (sletting av renter). Dette gjeld for eksempel dersom du er i utdanning utan støtte frå Lånekassen, er sjuk, arbeidsledig eller i ein annan situasjon som gir rett til rentefritak. Søknad om rentefritak finn du på Dine sider.