Sletting av gjeld

Sist oppdatert: 02.01.2019
Lånekassen kan slette heile eller delar av gjelda di dersom du oppfyller visse vilkår.

Les meir om kven som kan få sletta gjeld.

Finnmark og Nord-Troms

Du kan få sletta ti prosent av det opphavlege lånet ditt, inntil 25 000 kroner per år, dersom du bur og arbeider i Finnmark eller utvalde kommunar i Nord-Troms. Les om reglane her. Legar som arbeider i visse andre kommunar, kan også få sletta gjeld. Bruk same søknad.

Gå til søknaden

Ufør

Dersom du er minst 50 prosent varig ufør, kan du få sletta heile eller delar av gjelda di. Les om reglane her.

Søkjer du om sletting av gjeld på grunn av at du er ufør, må du søkje med papirskjema og sende det i posten til oss.

Last ned søknadsskjema

Kvotestudentar

Universiteta og høgskolane i Noreg har i fleire år teke opp studentar frå Sentral- og Øst-Europa og frå utviklingsland til spesielle utdanningsprogram, kalla kvoteprogram. Det blir ikkje lenger teke opp nye studentar i denne ordninga.

Studentar som har fått lån til eit slikt program, kan få gjelda sletta når dei buset seg varig i heimlandet.

Gå til søknaden

Dødsfall

Gjelda til kundar som døyr, blir sletta. Det skjer automatisk, utan at ein må søkje om det.

Andre årsaker

Les om korleis du søkjer om sletting av gjeld dersom du har