Bruk av cookies på lanekassen.no

Sist oppdatert: 31.03.2020
Vi bruker cookies til å hente inn informasjon om bruksmønsteret til brukarane våre, slik at vi kan tilpasse nettsidene og tenestene våre til kva kundane har bruk for.

Cookies (informasjonskapslar) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskinen din når du laster ned ei nettside. Dei aller fleste nettsider bruker slike informasjonskapslar.

For å analysere informasjonen vi hentar inn, bruker vi Google Analytics og Siteimprove.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f, som tillét oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å ivareta ei rettkomen interesse som veg tyngre enn omsynet til den enkelte sitt personvern. Den rettkomne interessa er å få tenester på nettsida til å fungere.

Lagring av opplysningar og behandling av desse opplysningane er ikkje tillate med mindre brukar både har blitt informert om og har gitt sitt samtykke til behandlinga. Brukaren skal få vite om og godkjenne kva for opplysningar som blir behandla, kva formålet med behandlinga er, og kven som behandlar opplysningane, jf. ekomloven § 2-7b.

Google Analytics

Google Analytics, er ei teneste for webanalyse levert av Google, Inc (”Google”). Informasjonen som cookien samlar inn om din bruk, blir sendt til Google og lagra på selskapet sine serverar i USA. Cookien samlar blant annet inn IP-adressa di, men Lånekassen har vald å legge inn eit script (kode) som fjernar dei siste siffera frå IP-adressa di før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjer at analyseverktøyet kan anslå brukaren si geografiske plassering, men adressa kan ikkje brukast for å identifisere den enkelte brukaren. Google Analytics mottar berre generell nettstatistikk, som for eksempel nettlesartype, operativsystem, kvar brukaren har klikka, språkinnstillingar på nettlesaren og kva for nettside kunden kom frå.

Google vil bruke den innhenta informasjonen til å vurdere din bruk av nettsida, lage rapportar til Lånekassen om aktiviteten på lanekassen.no, og til å yte andre tenester i tilknyting til aktiviteten på nettstaden og bruken av internett. Google kan også overføre denne informasjonen til tredjepartar dersom det finnast ei rettsleg plikt til dette, eller dersom slike tredjepartar behandlar informasjonen på vegne av Google.

Google vil ikkje samanstille di IP-adresse med andre opplysningar Google måtte eige. Du kan avvise bruken av cookies på maskinen din ved å justere dei nødvendige innstillingane på nettlesaren din. Sjå nedanfor.

Ved å bruke nettstaden godtar du at Google behandlar opplysningar om deg på den måten og for det formålet som er beskrive ovanfor. Mottatte opplysningar er underlagt Google sine retningslinjer for personvern.

Siteimprove

Til nettanalyse bruker vi også verktøyet Siteimprove på lanekassen.no, Dine sider, data.lanekassen.no, Foreldresigneringsportalen og Arbeidsflaten for lærestader.Informasjonen som blir samla inn av Siteimprove blir lagra på selskapet sine serverar i ulike EU-land i samsvar med Siteimprove sine retningslinjer for personvern og databehandlaravtale med Lånekassen.

Du kan avvise bruk av informasjonskapslar

Du kan velje å ikkje godta bruken av informasjonskapslar. Dette gjer du i innstillingane i nettlesaren din. Vær likevel merksam på at du ved å avvise informasjonskapslar kanskje ikkje vil vere i stand til å bruke all funksjonalitet på nettstaden.

Dersom du lurer på korleis du avviser bruk av informasjonskapslar, kan du følge instruksane på denne sida.

Er eg anonym når eg bruker nettstaden?

Vi lagrar aldri informasjon som kan identifisere deg personleg, og opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. At opplysningane er avidentifisert betyr at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til deg som brukar. Vi anonymiserar IP-adressa di og kan ikkje kople bruksstatistikk til enkelte IP-adressar.

Les om korleis dette fungerer på Siteimprove sine nettsider.