Korleis skjer automatisk behandling av søknader?

Sist oppdatert: 29.06.2018
Lånekassen behandlar dei fleste søknadene om utdanningsstøtte automatisk på grunnlag av dei personopplysningane vi har, og regelverket om utdanningsstøtte.

Når du bruker nettsøknaden i Lånekassen til å søkje om utdanningsstøtte, lagrar vi informasjonen du fyller ut. Systemet vårt hentar også inn annan relevant informasjon om deg, for eksempel bruker vi folkeregisteret til å finne ut kva statsborgarskap du har. Dette gir innhentingsforskrifta oss lov til å gjere.

Har du søkt om støtte tidlegare, vil vi sjekke om det er endringar i personopplysningane dine.

Systemet sjekkar deretter om vi har all informasjon vi treng for å behandle søknaden. I nettsøknaden kan du bli spurd om å sende inn dokumentasjon. Dersom du vel å ettersende dokumentasjon, vil søknaden ikkje bli behandla før du har sendt inn dette.

Når vi har fått all informasjonen vi treng, vil søknaden bli køyrd gjennom ein såkalla regelmotor. Regelmotoren sjekkar om du oppfyller vilkåra for utdanningsstøtte ut frå informasjonen vi har om deg. Systemet vil avgjere om du har rett til støtte, opprette perioden du har krav på støtte, berekne kor mykje støtte du får i perioden, lage utbetalingsplan, og opprette eit vedtaksbrev.

Dersom du ikkje har krav på støtte, eller ikkje får så mykje støtte som du har søkt om, vil systemet i somme tilfelle avslå søknaden din heilt eller delvis. I andre tilfelle vil systemet gi melding om at ein saksbehandlar må sjå nærmare på saka. Då blir søknaden lagd inn i behandlingskøen, med ei forklaring på kvifor søknaden ikkje blei avgjord av systemet.