Særlege kategoriar av personopplysningar

Sist oppdatert: 13.09.2018
Særlege kategoriar personopplysningar blei tidlegare kalla for sensitive opplysningar.

Dette er personopplysningar om

  • rasemessig eller etnisk opphav
  • politisk oppfatning
  • religion
  • filosofisk overtyding
  • fagforeiningsmedlemskap
  • genetiske og biometriske opplysningar
  • helse
  • seksuelle forhold eller seksuell orientering

Lånekassen har lov til å behandle denne typen personopplysningar dersom det er nødvendig for rett saksbehandling. Opplysningane blir behandla under teieplikt. Dette betyr at opplysningane ikkje kan bli utleverte til andre. Dei kan bli utleverte for bruk til forsking eller statistiske formål, men dei vil då ikkje kunne bli knytte til deg som person.

Informasjon om særlege kategoriar personopplysningar vil ikkje bli send til deg elektronisk, men i posten. Du skal heller ikkje sende slike personopplysningar elektronisk til Lånekassen. Tryggleiken i Lånekassen si sjølvbeteningsløysing er god, men førebels har vi eit tryggleiksnivå som ikkje legg til rette for utveksling av særlege kategoriar personopplysningar.

Søknader og vedlegg som inneheld slike personopplysningar skal sendast til

Lånekassen
Postboks 4551
8608 Mo i Rana

Ikkje send oss meir dokumentasjon enn det vi ber om.

Personopplysningar om straffbare forhold

Opplysningar om at du har vore mistenkt, tiltalt eller dømt for straffbare forhold, kan bli behandla av offentlege styresmakter. Lånekassen behandlar slike opplysningar dersom du søkjer om sletting av renter på grunn av soning.