Du kan utsette betalinga
Du søker om betalingsutsetting på Dine sider, og du treng ikkje å grunngi kvifor du søker, eller sende inn dokumentasjon.
Dette gjeld også om du har brukt opp dei 36 betalingsutsettingane dine, eller om du har fått avslag på ein søknad om betalingsutsetting fordi du allereie har brukt opp dei 36 betalingsutsettingane dine.
Enkelte kundar kan framleis få avslag på søknaden sin om betalingsutsetting, men då med andre grunnar enn at kvoten på 36 utsettingar er brukt opp.
Også kundar med oppsagt lån kan i nokre tilfelle få betalingsutsettingar. Les meir om oppsagde lån.
Du bruker ikkje av dei 36 vanlege utsettingane
Dei ekstra utsettingane gjeld rekningane med betalingsfrist i perioden mars 2020 til og med desember 2022. Dersom du har søkt om utsetting for nokre av rekningane i denne perioden, har du ikkje brukt av dei 36 vanlege utsettingane.
Hugs at du berre kan søke om utsetting av rekningar du ikkje har betalt.
Du betaler meir i renter når du utset betalinga
Når du utset ei betaling, forlenger vi nedbetalingstida di. Utset du ei rekning, blir nedbetalingstida di utvida med med ein månad. Utset du to rekningar, blir den utvida med to månader, og så vidare. Det fører til at du må betale meir renter samla sett enn om du ikkje utset betalinga.
Månadsbeløpet i resten av nedbetalingstida blir litt høgare på grunn av dei ekstra rentekostnadane. Du kan seinare endre nedbetalingsplanen eller betale ekstra, slik at du hentar inn dei ekstra rentekostnadane.
Betalingsplanen din blir oppdatert på Dine sider for kvar gong du får ei utsetting.
Du må hugse å stoppe trekket på avtalegiro
Dersom du får utsett betaling for ei rekning, må du sjølv hugse å stoppe avtalegiroen. Dersom du ikkje stoppar avtalegiroen blir rekninga automatisk betalt.