Søknadsfristar for stipend og lån

Sist oppdatert: 08.04.2019
Søknadssfristen om utdanningsstøtte er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret. Fristen for å melde endringar er innan støtteperioden/undervisningsåret er avslutta.

Søknaden eller melding om endringar må ha kome inn til Lånekassen innan fristen for at den skal bli behandla.

Her finn du endringar og situasjonar du skal melde inn.

Andre søknadsfristar og unntak

Søknadsfrist for lærlingar

Fristen for 2019–2020 er 30. juni 2020, eller innan lærekontrakten blir avslutta.

Søknadsfrist for sommarkurs

Skal du søke om støtte til sommarkurs, må søknaden ha kome inn til Lånekassen før kurset er avslutta.

Søknadsfrist for utdanning som startar etter 1. mars 2019

Skal du søkje om støtte til kurs som startar 1. mars 2020 eller seinare, må søknaden din ha kome inn til Lånekassen før undervisningsåret eller kurset er avslutta.

Søknadsfrist for utdanning som startar etter 1. november 2019

Fristen for å søkje om støtte til kurs i haustsemesteret som startar 1. november 2019 eller seinare, er 15. mars 2020.

Søknadsfrist for foreldrestipend (fødsel)

Du må sende inn eit eige søknadsskjema om foreldrestipend etter at barnet er født, og seinast tolv månader etter fødselen. Når du søker om foreldrestipend, vurderer vi automatisk om du har rett til forsørgarstipend.

Unntak frå søknadsfristane

Du kan få unntak frå fristane dersom særlege forhold gjer at du ikkje får søkt innan fristane. Slike forhold kan vere at du på grunn av psykisk eller fysisk sjukdom var forhindra frå å sende inn ein søknad.

Du må sende inn dokumentasjon som viser årsaka til at du ber om å få behandla søknaden etter søknadsfristen.