Støttekalkulatorar for stipend og lån er fjerna

Sist oppdatert: 16.03.2020
Vi lagar nye nettsider, og kjem derfor ikkje til å oppdatere støttekalkulatoren med kor mykje elevar og studentar kan få i lån og stipend frå og med studieåret 2020–2021.

Søknadsfristen for å søkje om lån og stipend for våren 2020 gjekk ut 15. mars, og derfor kan du heller ikkje bruke støttekalkulatoren for å sjekke lån og stipend for studieåret 2019–2020.

Kor mykje kan eg få i lån og stipend i 2020–2021?

Fram til reglane og satsane for 2020–2021 er klare, er det reglane som gjeld for 2019–2020 som ligg ute på nettsidene våre.

Les om lån og stipend for elevar på vidaregåande og som har ungdomsrett. 

Les om lån og stipend for studentar som tek høgare utdanning eller annan type utdanning.