Høgare og anna utdanning

Studieåret 2020–2021 - Sist oppdatert: 11.06.2020
No kan studentar som skal ta høgare og anna utdanning søke om stipend og lån for 2020–2021. Du må ha fått studieplass før du søker.

Du skal bruke denne søknaden dersom du skal ta:

  • høgare utdanning
  • fagskole
  • folkehøgskole
  • vidaregående opplæring for vaksne
  • vidaregående opplæring utan ungdomsrett (for eksempel dersom du tar opp fag)
  • grunnskoleopplæring for vaksne
  • bibelskole
  • yrkessjåførutdanning

Bur du heime i starten av semesteret på grunn av koronasituasjonen?

Alle elevar og studentar som har fått støtte som bortebuarar, men som måtte flytte heim til foreldra sine på grunn av koronasituasjonen, blir rekna som bortebuarar resten av våren 2020. Desse unntaksreglane blir vidareførte hausten 2020.

Dersom du skal studere i Noreg og veit at du må bu heime hos foreldra dine på grunn av koronasituasjonen, sjølv om du hadde tenkt å flytte for deg sjølv, skal du svare nei på dette spørsmålet i søknaden: «Bur du i same hus eller leilighet som ein av eller begge foreldra dine i studieåret?»

Dersom du skal studere i Noreg og er usikker på om du må bu heime hos foreldra dine på grunn av koronasituasjonen, bør du svare ja på dette spørsmålet i søknaden: «Bur du i same hus eller leilighet som ein av eller begge foreldra dine i studieåret?» Dersom du flytter heimefrå etter at du har fylt ut søknaden, kan du endre bustatus på Dine sider. Alle studentar har plikt til å melde frå til Lånekassen dersom dei endrar bustatus.

Gå til søknaden

Har du spørsmål om søknaden? Her finn du svar på vanlege spørsmål om søknaden.

Sommarkurs sommaren 2020?

Skal du gå på godkjent sommerkurs i Noreg, kurs med opptak etter 1. mars eller vere lærling utan ungdomsrett, skal du bruke søknaden om lån og stipend for 2019-2020.

Vaksne som skal ta vidaregående opplæring kan ikkje søke enno

På grunn av tekniske utfordringar med den nye tilbodsstrukturen i vidaregåande skole er det foreløpig ikkje mogeleg å søke om lån og stipend for studieåret 2020-2021. Vi kjem med meir informasjon så fort vi veit når det er mogeleg å søke. Vi beklager ulempen dette medfører.