Uføre kan få sletta gjeld
Du må ha uføretrygd
Du må ha fått innvilga uføretrygd frå folketrygda for å få sletta gjeld.
Du må vere minst 50 prosent ufør. Dersom du fekk AAP (arbeidsavklaringspengar) frå Nav heilt fram til du fekk vedtak om uføretrygd, er det nok at du er minst 40 prosent ufør.
Du kan søke om sletting av gjeld dersom du bur i utlandet og har fått innvilga ei yting i eit anna land som tilsvarer norsk uføretrygd. Du kan ikkje få uføretrygd frå folketrygda i Noreg
Vent med å søke til du har fått innvilga uføretrygd
Du må ha fått innvilga uføretrygd hos folketrygda før du søker om sletting av gjeld hos Lånekassen. I mellomtida kan du bruke andre ordningar for betalingsletter. Du kan søke om sletting av renter dersom du har AAP, er sjuk eller er i ein annan situasjon som gir rett til sletting. Du kan også søke om betalingsutsetting.
Inntekta di avgjer kor mykje gjeld som kan bli sletta
Du kan berre få sletta gjeld dersom du har person- og kapitalinntekt under 487 065 kroner i 2021. Dette gjeld dersom du ikkje har barn under 16 år som du forsørger. Har du barn under 16 år, kan du legge til 15 903 kroner per barn, for å sjå kva for grense som gjeld deg.
Både inntekt frå trygd og arbeid skal reknast med. Barnetillegg, og barnepensjon for barn over 16 år skal ikkje reknast med.
Gjelda blir redusert ned til faste beløp
Kor mykje du vil sitte igjen med i gjeld og kor mykje du skal betale ned i månaden, altså terminbeløpet ditt, blir berekna ut frå inntekta di, og er uavhengig av kor stor gjeld du har.
For 2021 gjeld desse grensene og summane:
Brutto person- og kapitalinntekt | Ny gjeld | Nytt terminbeløp |
---|---|---|
0-337 791 kr | 0 kroner | 0 kroner |
337 792-374 998 kroner | 68 268 kroner | 729 kroner |
374 999-411 042 kroner | 79 614 kroner | 875 kroner |
411 043-449 079 kroner | 91 125 kroner | 1 031 kroner |
449 080-487 065 kroner | 102 471 kroner | 1 175 kroner |
Hugs at du skal legge til 15 903 kroner på inntekta per barn under 16 år. Barn blir rekna
Kven blir rekna som barn?
- eigne barn, også barn som du betaler bidrag for
- barn av ektefellen din, dersom du bur saman med barnet minst 40 prosent av tida
- barn av sambuaren din, dersom du og sambuaren også har felles barn. Du må bu saman med barna minst 40 prosent av tida