Utstyrsstipend

Sist oppdatert: 03.04.2019
Utstyrsstipend er meint å hjelpe til å dekkje skolemateriell, som for eksempel leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede. Du kan få 1 051, 2 326 eller 3 887 kroner i stipend, avhengig av kva for utdanningsprogram du tek.

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, men du må søke om stipendet. Utstyrsstipendet frå Lånekassen er ikkje avhengig av kva foreldra dine tener.

Søkje om utstyrsstipend

Du sender søknad på Dine sider. Ønskjer du at vi skal vurdere om du har rett til grunnstipend i tillegg, må du oppgi det i nettsøknaden din.

1 051 kroner per undervisningsår
 2 326 kroner per undervisningsår  3 887 kroner per undervisningsår

Studiespesialisering 
(med unntak av studiespesialisering med 
fordjuping i formgjevingsfag 
og studiespesialisering med 
toppidrett som ”fag frå 
andre programområde”)

Helse- og oppvekstfag

Medium og kommunikasjon

Service og samferdsel

Design og handverk,
programområde for medieproduksjon

 

 

Studiespesialisering 
med fordjuping i formgjevingsfag
og studiespesialisering med 
toppidrett som 
”fag frå andre programområde”

Elektrofag

Musikk, dans og drama

Naturbruk

Bygg- og anleggsteknikk

Teknikk og industriell produksjon

Kunst, design og arktitektur

 

Idrettsfag


Design og handverk, med unntak av
programområde for medieproduksjon


Restaurant- og matfag

 

 

 

 

 

Utbetaling

Du får heile utstyrsstipendet utbetalt ved skolestart. Har du søkt om stipend for berre eitt semester (halvt undervisningsår), får du halve beløpet.

Utdanning i utlandet

Tek du delar av utdanninga i utlandet, får du stipend etter same sats som for den utdanninga du følgjer i Noreg. Får du støtte til å ta heile den vidaregåande opplæringa i utlandet, får du eit utstyrsstipend på 1 051 kroner per år.

Ved byte av utdanning

Dersom du byter til ei utdanning med høgre stipendsats, kan du få utbetalt differansen. Du må då sende inn ein ny søknad til Lånekassen.

Disse får ikkje utstyrsstipend

Dersom du går på ei utdanning som ikkje gir rett til støtte, får du ikkje utstyrsstipend. Du må også oppfylle dei andre krava for rett til støtte.

Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandadatar får ikkje utstyrsstipend.

Gå til søknaden

Utstyrsstipend til unge asylsøkjarar

Er du elev under 18 år og søkjer om vern (asyl) eller anna opphaldsløyve, kan du få utstyrsstipend. Du har ikkje rett til annan type støtte frå Lånekassen.

For å få utstyrsstipend må du ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringsloven § 3-1 siste ledd, og i tillegg oppfylle dei generelle vilkåra for støtte.

Kva er utstyrsstipend?

Utstyrsstipend er meint å hjelpe til å dekke skolemateriell, som for eksempel leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede.

Får du utstyr dekt av fylkeskommunane eller andre offentlege ordningar?

Du kan berre få utstyrsstipend dersom det ikkje er dekt av fylkeskommunen eller andre offentlege ordningar. Får du kost og losji dekte av fylkeskommunen/kommunen, kan du likevel få utstyrsstipend.

Du må søke for å få stipend

Har du har d-nummer eller fødselsnummer, søker du om støtte på lanekassen.no.

Dersom du ikkje har d-nummer eller fødselsnummer, må du sende eit brev til Lånekassen der du skriv at du ønsker å søke om utstyrsstipend. Du sender brevet til:
Lånekassen
Postboks 191 Økern
0510 Oslo