Reduksjon av gjeld for legar i utvalde kommunar

Du kan få sletta inntil 30 000 kroner i året dersom du jobbar i ein av dei utvalde kommunane.

Kva for kommunar gjeld det?

Troms: Gratangen og Ibestad

Nordland: Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy

Trøndelag: Leka, Røyrvik, Høylandet og Lierne

Møre og Romsdal: Aure

Ordninga gjeld også for låntakarar som har vore yrkesaktive legar i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.

Dersom du bur og jobbar i Finnmark eller Nord-Troms, kan du søke om sletting av gjeld på grunnlag av det.

Kven kan søke?

Det er berre yrkesaktive legar i dei aktuelle kommunane som kan få sletta gjeld i denne ordninga. 

Du treng ikkje å bu i kommunen.

Du må ha vore yrkesaktiv i ei oppteningsperiode på tolv månader før du kan søke. Yrkesaktiviteten må ha vore minst 50 prosent i gjennomsnitt i den kommunen eller tidlegare kommunen som er omfatta. Du må ha vore yrkesaktiv der i heile perioden.

Kor mykje blir gjelda redusert med?

Du kan få sletta inntil 20 prosent av det opphavlege studielånet ditt, altså gjelda du hadde då du begynte å betale tilbake. Maksbeløpet du kan få sletta er 30 000 kroner i året.

Kva er søknadsfristen?

Du må søke innan tre månader etter at du har fullført oppteningsperioden.

Korleis søker eg?

Du bruker same søknad som for sletting av gjeld i Finnmark og Nord-Troms.

Gå til søknaden