Fastrentene i Lånekassen stig

Publisert: 10.06.2021
Medan den flytande renta held seg stabil, går alle dei tre fastrentesatsane i Lånekassen opp frå 1. juli.

Fastrentene som gjeld frå 1. juli 2021 er:

  •  3 år: 1,795 prosent (opp med 0,039 prosentpoeng)
  •  5 år: 2,149 prosent (opp med 0,079 prosentpoeng)
  • 10 år: 2,609 prosent (opp med 0,098 prosentpoeng)

Flytande rente frå 1. juli er 1,421 prosent.

Frå historisk låge renter

– Ved årsskiftet var fastrentene i Lånekassen historisk låge. Men sidan mars har fastrentene auka ved kvar rentefastsetting, medan den flytande renta fortsatt er på eit historisk lågt nivå, seier Anette Bjerke, kommunikasjonsdirektør i Lånekassen.

Rentene i Lånekassen er marknadsstyrte og blir baserte på berekningar frå Finanstilsynet.

Ni av ti har flytande rente

Ni av ti som betaler ned på studielånet sitt, har flytande rente. 674 700 kundar har flytande rente, medan 45 400 kundar har fastrente.

Dei som ønskjer å binde renta frå 1. juli, gjer det i perioden 10.–17. juni på Dine sider på lanekassen.no.

Les meir om korleis renta i Lånekassen blir fastsett og følg renteutviklinga her.