Kunstig intelligens i Lånekassen

Når Lånekassen bruker omgrepet kunstig intelligens, siktar vi til maskinbaserte system som er utvikla for å fungere slik at systemet sjølv kan gjere visse formar for vurderingar, anbefalingar og avgjerder.

Kunstig intelligens kan gi store fordelar som fremmar samfunnsoppdraget vårt, men bruk av slik teknologi kan gi auka risiko for diskriminering og maktmisbruk. Bruken kan også gi auka risiko for personvernet til kundane våre. Lånekassen er derfor opptatt av å sikre at vi bruker kunstig intelligens på ein måte som er lovleg, rettferdig og ansvarleg.  

Bruk av maskinlæringsmodell i bukontrollen  

Når Lånekassen vel ut kven som må dokumentere kvar dei har budd i støtteperioden 2024–2025, kan vi gjere dette ved hjelp av ein maskinlæringsmodell.   
  
Formålet med å bruke maskinlæringsmodell i bukontrollen er å kontrollere på ein meir effektiv og treffsikker måte. Ved hjelp av maskinlæring kan Lånekassen be vesentleg færre av kundane våre om å dokumentere bustatus. Likevel kan vi avdekke same antal som ikkje er reelle bortebuarar som ein større kontroll utan bruk av maskinlæring.  
  
Maskinlæringsmodellen vil kunne gi eit forslag til kven som bør eller ikkje bør vere omfatta av ein kontroll. Berre ein liten del av dei kontrollerte viser seg å ikkje kunne dokumentere at dei budde borte. Å bli vald ut til kontroll betyr derfor ikkje at vi trur det er gitt oss feil opplysningar. Ein maskinlæringsmodell kan likevel bidra til å spisse utplukket, slik at vi unngår å kontrollere store kundegrupper som det med svært lite sannsyn ikkje er bortebuarar.   
  
Å utvikle modellen er ein prosess der vi undersøker kva for opplysningar som gjer at modellen utviklar ei evne til å gi treffsikre forslag.   
 
Modellen blir trent på resultat og opplysningar frå tidlegare bukontrollar  som Lånekassen har gjennomført.
  
Personopplysningane vi bruker er for eksempel studiepoeng, alder, studiestad og bustad. Modellen undersøker kva faktorar som trekker opp sannsynet for at kunden ikkje oppfyller krava, og kva som trekker ned. Lånekassen har i tidlegare bukontrollar brukt ein maskinlæringsmodell. Erfaringar frå dette viste at blant dei viktigaste faktorane i modellen er avstanden mellom heimen til foreldra og studiestaden, studentens bustad og kor langt ein har komme i utdanninga.  
  
I studieåret 2024–2025 vil maskinlæringsmodellen bli brukt som eit støtteverktøy for å velje ut kven som må dokumentere at dei budde borte. Modellen vil gi eit forslag til kven som skal bli kontrollerte. Dette forslaget gjennomgår vi deretter manuelt, før vi avgjer kven som må sende inn dokumentasjon. Vi vil undersøke om modellen kan ha gitt forslag som verkar diskriminerande eller urettferdig for våre kundar.  
  
I tillegg til gruppa som modellen foreslår, vel vi ut ei tilfeldig utvald kontrollgruppe. Det betyr at vi i etterkant kan samanlikne prioriteringar gjort av modellen og kontrollgruppa og på denne måten få informasjon om kvaliteten på modellen.   
  
Sjølve kontrollen av dokumentasjon som blir sendt inn til Lånekassen i samband med bukontrollen, blir utført av våre saksbehandlarar.    
 
Vår bruk av denne modellen blir rekna som ei profilering etter personvernforordninga. Les meir om dine rettar  i personvernerklæringa vår.