Reglar for deg i vidaregåande opplæring

Alderen din er med på å bestemma kva typar stipend og lån du kan få. Informasjonen gjeld også førebuande opplæring.

Dei fleste i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend eller andre stipend etter reglane som gjeld for elevar i vanleg vidaregåande opplæring. Dei får som oftast eit lågare beløp enn studentar som tek høgare utdanning, og alt, eller det meste er stipend. 

Nokre elevar i vidaregåande opplæring kan søke stipend og lån etter dei same reglane som studentar i høgare utdanning. Dei får som oftast utbetalt meir og mesteparten av beløpet er eit lån, ikkje eit stipend.

Er du mellom 21 og 24 år og fekk stipend og lån i skoleåret 2023-2024?

Sjå lenger ned om reglane gjeld for deg eller ikkje.

Reglar for deg under 21 år utan studie- eller yrkeskompetanse

Du kan søke stipend og lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring  dersom begge punkta gjeld:

  • Du er under 21 år. Det vil seie fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.  
  • Du har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.

Då kan du ha rett til utstyrsstipend, bortebuarstipend, inntektsavhengig stipend og lån for elevar over 18 år, som blir gitt etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring.

Dette kan du lese meir om i del 2 i forskrift om utdanningsstøtte.

Reglar for deg over 21 år eller deg under 21 år med studie- eller yrkeskompetanse

Du kan søkje om lån og stipend etter reglane for høgare og anna utdanning dersom eitt av punkta gjeld:

  • Du er 21 år eller eldre. Det vil seie fyller 21 år eller meir i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.
  • Du har studie- eller yrkeskompetanse. Det betyr at du har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.

Då kan du ha rett til lån, og lån som kan bli stipend, som blir gitt etter reglane for høgare og anna utdanning.  

Dette kan du lese meir om i del 3 i forskrift om utdanningsstøtte.

Unntak for deg mellom 21 og 24 år

 På grunn av nye reglar frå skoleåret 2024-2025 er nokre søkarar med i ei overgangsordning. Det betyr at dei nye reglane ikkje gjeld dei. 

Du er med i overgangsordninga dersom alle punkta gjeld: 

  • Du fyller 21 til 24 år i løpet av 2024.   
  • Du har ikkje studie- eller yrkeskompetanse enno. Det betyr at du ikkje har fullført og bestått studieførebuande eller yrkesfagleg utdanning. Då har du fått vitnemål, fagbrev eller sveinebrev.
  • Du fekk utstyrsstipend, andre stipend eller lån etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring (del 2 i forskrift om utdanningsstøtte) i skoleåret 23-24. 

Gjeld det deg, får du stipend som blir gitt etter reglane for vanleg vidaregåande opplæring. Sjølv om du er over 21 år, får du ikkje lån og lån som kan bli stipend, som blir gitt etter reglane for høgare og anna utdanning. 

Dette gjeld fram til du har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse eller seinast ut skoleåret 25-26.

Dersom du går førebuande opplæring gjeld overgangsordninga fram til fullført førebuande opplæring eller seinast ut skoleåret 25-26.