Søknad for stipend og lån til folkehøgskole i Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å berre søke om den delen av lånet som kan bli gjort om til stipend, eller om du vil ha resten av basislånet i tillegg.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

Du må sende inn dokumentasjon som viser at du har opptak på ein folkehøgskole. Dokumentasjonen må vise kor lenge kurset varer og om du skal betale skolepengar.

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar, så du må rekne med litt tid før du får svar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du og informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Søk om lån og stipend

No kan du søke om lån og stipend for 2024–2025.

Fristen for førre studieår, 2023–2024, gjekk ut 15. mars 2024. Dersom utdanninga di begynte etter 1. mars 2024, kan du framleis søke om stipend og lån. Fristen er innan studieåret er ferdig.