Søknad om stipend og lån til vidaregåande opplæring i Norden

Dette søker du om

I søknaden søker du om utstyrsstipend, bortebuarstipend, reisetilskot, skolepengelån og eventuelt lån for deg over 18 år og stipend og lån til språkkurs.

Du kan også velje å søke om inntektsavhengig stipend om familien din har svak økonomi. Du får spørsmål om du vil søke om det i søknaden.

Det er eigen søknad for å søke om stipend til skolepengar.

Dokumentasjon

Vi får ikkje informasjon om deg frå skolar eller folkeregister utanfor Noreg. Du må derfor dokumentere både at du har opptak ved skolen og bustad om du er bortebuar.

Skal du betale skolepengar, må du fylle ut søknad om stipend til skolepengar og legge ved stadfesting på skolepengar frå den utanlandske skolen din.

Dersom du søker om inntektsavhengig stipend, må du også bekrefte foreldra dine si inntekt og andre familieforhold.

Denne dokumentasjonen må du sende til oss etter at du har søkt om lån og stipend. Du kan laste den opp på Dine sider på lanekassen.no eller sende den i posten.

Behandlingstid

Saka blir behandla av ein saksbehandlar, så du må rekne med litt tid før du får svar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du og informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Søk om stipend og lån

No kan du søke om stipend og lån for 2024–2025.

Fristen for førre studieår, 2023–2024, gjekk ut 15. mars 2024. Dersom utdanninga di begynte etter 1. mars 2024, kan du framleis søke om stipend og lån. Fristen er innan studieåret er ferdig.