Folkehøgskole i Noreg

Du kan låne 137 900 kroner

Går du på folkehøgskole, får du ikkje lenger stipend slik du kanskje fekk på vidaregåande, men du får eit lån.

Du kan få eit basislån på inntil 137 900 kroner for heile året
  • 40 prosent av lånet kan bli stipend om du fullfører skoleåret.
  • Du får ikkje lån til skolepengar, men du kan bruke basislånet til å betale for folkehøgskoleopphaldet.

Lån og stipend for å gå på folkehøgskole

Er du elev på ein folkehøgskole, kan du få basislån i inntil ti månader.

Kva er basislån og kva kan du bruke det til?

Basislån er det alle studentar kan få, og er namnet på det dei fleste kallar studielån. Du kan bruke basislånet til å betale for folkehøgskoleopphaldet og eventuelle reiser, men om prisen er høgare enn basislånet må du dekkja resten sjølv. 

Lånet er rentefritt så lenge du får lån til fulltidsutdanning

For at lånet skal vere rente- og avdragsfritt, må du få studielån til fulltidsutdanning. Når du ikkje lenger får studielån, eller går frå å studere på fulltid til deltid, blir det lagt til renter på lånet, og du må begynne å betale.

Når kan du søke?

Du må ha fått skoleplass før du søker, og du kan tidlegast søke frå midten av mai. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Behandlingstid for søknader

Vi behandlar dei aller fleste søknadene i løpet av eit døgn, men meir kompliserte saker kan ta lang tid å behandle. Det er uansett lurt å søke med ein gong du har fått skoleplass. Når du har møtt opp på skolen, gir skolen oss beskjed. Deretter tar det nokre dagar før du har pengar på konto. 

Gå til søknaden

Deltid eller kortare studieår?

Du får
mindre lån
dersom du studerer på deltid.

Dei fleste elevar på folkehøgskole tar heilårskurs på fulltid. Dersom du skal ta eit kortare kurs på fulltid, får du vanleg basislån for dei månadene kurset varer. Skal du ta eit kurs på deltid, blir basislånet redusert tilsvarande deltidsprosenten din. Dermed blir stipendet også redusert.

Når får eg pengane?

Du får større
utbetalingar i
august og januar

Den første utbetalinga i skoleåret kjem når skolen har stadfesta at du har begynt der.

Du får utbetalt eit større beløp i starten av kvart semester enn i dei andre månadene. 40 prosent av støttebeløpet kvart semester blir utbetalt den første månaden.

Pengane blir utbetalte den 15. i kvar månad, unntatt den første utbetalinga

Elev vgs gutt med mobiltelefon. Foto.

Du tar opp lån når du går på folkehøgskole

Du får ikkje stipend på same måten som på vidaregåande, men inntil 40 prosent av lånet kan bli stipend seinare.

Når du går på folkehøgskole, får du lån og stipend etter dei same reglane som gjeld for høgare utdanning. Det er nokre forskjellar frå det å få stipend til vidaregåande, som det kan vere greitt å vite om.

Du må betale tilbake lånet når du er ferdig med utdanninga

Når du ikkje lenger får lån til fulltidsutdanning, får du ein betalingsplan og må begynne å betale avdrag. Den første rekninga skal betalast omtrent sju månader etter den siste utbetalinga frå oss.

Lånet er rentefritt berre så lenge du får lån eller stipend til fulltidsutdanning.

40 prosent av basislånet kan bli stipend

Fullfører du skoleåret og har inntekt og formue under grensene, blir 40 prosent av lånet gjort om til stipend. Det betyr at du ikkje treng å betale det tilbake. Du får eit eige vedtak frå oss når lånet blir gjort om.

Bur du heime hos foreldra dine, får du ikkje stipend

Det er berre bortebuarar som kan få gjort om lån til stipend. Dersom du bur på internat, reknar vi deg som bortebuar.

Omgjeringa skjer først året etter at du er ferdig

Lånet blir ikkje gjort om til stipend før vi har kontrollert inntekta og formuen din. Det gjer vi først når skatteoppgjeret ditt er klart for året eller åra du fekk lånet frå oss.

Det betyr at dersom du er ferdig med eit år på folkehøgskole våren 2024, får du ikkje gjort om lån til stipend før våren/sommaren 2025.

Les meir om omgjering av basislån

Ekstra stipend og lån

Har du barn, blir sjuk eller har nedsett funksjonsevne, kan du få ekstra stipend og/eller lån frå oss.

Kva du kan få, kjem an på kva livssituasjon du er i.

Aktuelt regelverk