Søknad for universitet og høgskole

Dette søker du om

I søknaden søker du om basislån og eventuelt skolepengelån. Du kan velje å berre søke om den delen av lånet som kan bli gjort om til stipend, eller om du vil ha resten av basislånet i tillegg.

Søknaden gjeld også for andre stipend og lån som berre somme har krav på. Dette er barnestipend, tilleggslån og flyktningstipend.

Det er eigne søknader for foreldrestipend og for tilleggsstipend ved nedsett funksjonsevne.

Dokumentasjon

I dei fleste tilfelle krevst det ikkje dokumentasjon for studium i Noreg. Må du likevel sende dokumentasjon, får du beskjed om det i søknaden. Etter at du har søkt, kan du sende dokumentasjonen til oss på Dine sider på lanekassen.no eller i posten.

Behandlingstid

Du får svar, eller beskjed om status for søknaden, innan 24 timar.

Søknaden er ikkje synleg på Dine sider med éin gong, men så lenge du har fått kvittering, har vi fått søknaden din. På Dine sider får du også informasjon om anslått behandlingstid for søknaden din.

Søk om lån og stipend

No kan du søke om lån og stipend for 2024–2025.

Fristen for førre studieår, 2023–2024, gjekk ut 15. mars 2024. Dersom utdanninga di begynte etter 1. mars 2024, kan du framleis søke om stipend og lån. Fristen er innan studieåret er ferdig.