Flyktning under 21 år

Gjeld deg som fyller 20 år eller mindre i løpet av det kalenderåret skoleåret startar.

Kven kan få flyktningstipend?

Du må
  • Vere registrert med flyktningstatus hos UDI
  • Ta førebuande opplæring eller vidaregåande skole
  • Ikkje få introduksjonsstønad samtidig som du får flyktningstipend
  • Ikkje bu på asylmottak

Eige stipend for flyktningar

Flyktningar som ikkje får introduksjonsstønad samtidig kan få flyktningstipend i inntil tre år.

Kva er flyktningstipend?

Flyktningstipend er ei eiga støtteordning til flyktningar i grunnskole eller vidaregåande opplæring. Flyktningstipendet inneber at lån og stipend du elles kunne fått frå Lånekassen, blir flyktningstipend istaden.

Du kan ikkje få flyktningstipend samtidig som du er med i introduksjonsprogram.

Desse låna og stipenda blir ikkje gjort om til flyktningstipend: Utstyrsstipend, lån til reise, lån til skolepengar og tilleggslån til søkarar over 18 år som har barn.

Du kan få flyktningstipend i tre år

Du kan få flyktningstipend i inntil tre år innafor en periode på seks år etter datoen du fekk innvilga beskyttelse. Talet på år du kan få stipendet avheng derfor av kor raskt du byrjar i utdanning etter at du fekk beskyttelse. Viss du byrjar på utdanninga innan tre år etter du fekk beskyttelse, kan du få flyktningstipend i tre år. Viss du til dømes byrjar i utdanning etter fem år, kan du berre få eitt år med flyktningstipend.

Perioden du kan få flyktningstipend kan bli utvida frå seks til åtte år viss du har barn eller viss du får barn i perioden du får flyktningstipend. Dette gjeld også viss du skal ta grunnskoleopplæring før du byrjar på vidaregåande. Da kan du likevel få flyktningstipend i tre år sjølv om du ikkje byrja i utdanning før etter fem år.

Gå til søknaden

Video om flyktningsstipend

Kor mykje kan eg få i flyktningstipend?

Kor mykje du kan få blir rekna ut etter dei same reglane som for andre elevar.

Følgande stipend og lån kan bli til flyktningstipend:

Bortebuarstipend

Dersom du ikkje bur saman med foreldra dine og har over 40 kilometer mellom foreldreheimen og skolen.

Inntektsavhengig stipend

Har foreldra dine svak økonomi, kan du få inntektsavhengig stipend. Det får du også om du ikkje har foreldre i Noreg.

Lån til elevar over 18 år

Er du over 18 år og bur borte frå foreldra dine, kan du i tillegg få eit lån. Får du flyktningstipend, treng du ikkje å betale lånet tilbake.

Barnestipend

Har du barn, kan du få eit ekstra stipend.

Bor du på institusjon?

Bur du på institusjon, kan du som hovudregel berre få utstyrsstipend.

Lån du må betale tilbake

Låner du pengar til skolepengar, reise, eller tar opp tilleggslån om du har barn, blir ikkje desse låna gjort om til flyktningstipend. Det betyr at du må betale det tilbake når du er ferdig på skolen eller du ikkje får støtte frå Lånekassen lengre.

Sjå kor mykje du kan få

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Dersom du får barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd. Det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 57 940 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 115 880 kroner til saman. Inntekt og formue har ikkje noko å seie for om du kan få tilleggslån. Dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Aktuelt regelverk