Lærestader

Meld deg på nyheitsbrevet vårt

Rettleier du elevar/studentar om Lånekassens ordningar? Motta nyheiter frå oss rett i innboksen din. Her får du informasjon som kan vere nyttig for deg. Vi sender ut nyheitsbrev om lag to gonger i månaden.

Er eleven/lærlingen bortebuar?

Elevar i vidaregåande opplæring, førebuande opplæring for vaksne og lærlingar som bur borte, kan ha rett til bortebuarstipend. Satsen for studieåret 2025-2026 er 6871 kroner i månaden.

Sei i frå når ein elev endrar eller avbryt utdanninga

Elevar som endrar studiebelastning

Du skal berre melde inn endring av studiebelastning for elevar som: 

  • er 21 år eller eldre, eller
  • har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.

Du rapporterer endring av studiebelastning i Arbeidsflata for lærestadene. Skriv inn elevens fødselsnummer i høgremenyen i arbeidsflata. Klikk deretter på «Meld endringar».

Meld frå om avbrot

Dersom ein elev, lærling eller student avbryt utdanninga eller skiftar lærestad, rapporterer du dette ved å gå inn i arbeidsflata. Skriv inn fødselsnummeret til eleven/studenten i høgremenyen.

Studentar på universitet og høgskole har sjølv ansvar for å melde frå til Lånekassen. Det gjer dei ved å logge inn på lanekassen.no.