Personvern­erklæring

Lånekassen behandlar personopplysningar i samsvar med personopplysningsloven.

Kva er personopplysningar?

Ei personopplysning er ei opplysning som er med på å identifisere deg som enkeltperson. Det blir skilt mellom personopplysningar og særlege kategoriar (sensitive) personopplysningar.

Lånekassen er behandlingsansvarleg for personopplysningar

Lånekassen er ansvarleg for behandlinga av personopplysningane vi får eller hentar sjølve. Det vil seie at vi har ansvaret for korleis personopplysningane blir brukte, og at bruken er i samsvar med personopplysningsloven.

Vi har felles behandlingsansvar med skatteetaten, divisjon innkrevjing (tidlegare Statens innkrevjingssentral) i saker som gjeld innkrevjing av oppsagde lån. Vi har også felles  behandlingsansvar for oppgåver som etaten utfører på vegne av Lånekassen for krav som ikkje er oppsagde. Konkret omfattar dette søknader om gjeldsordning, ettergiving av krav som ikkje blir rekna som mogleg å inndrive og forvalting av panteheftingar.

Kva er formålet med behandlinga av personopplysningar i Lånekassen?

Vi behandlar personopplysningar slik at vi kan forvalte utdanningsstøtteordninga i samsvar med utdanningsstøtteloven med forskrifter. Dette omfattar

  • å behandle søknader om utdanningsstøtte
  • å kontrollere at vilkåra for å gi utdanningsstøtte er oppfylte
  • å krevje tilbakebetaling av lån
  • å krevje inn oppsagde lån
  • å bidra til at klagenemnda og sivilombudsmannen har rette opplysningar, slik at dei kan behandle klagesaker
  • å bruke personopplysningar som grunnlag for vidareutvikling av tenester og reglar
  • å bruke personopplysningane i samband med lovpålagde oppgåver som budsjett, rekneskap og rapportering til overordna styresmakt
  • å utlevere personopplysningar til styresmaktene i andre land til kontroll
  • å utlevere personopplysningar til andre offentlege styresmakter som har eit lovgrunnlag for innhenting.
  • å tilby korrekt og relevant informasjon om utdanningsstøtteordningane
  • å analysere informasjon om bruken av lanekassen.no og Dine sider for å kunne tilby brukarvennlege, raske og korrekte tenester

Behandlinga av personopplysningar omfattar for eksempel innsamling, registrering, organisering og tilgjengeleggjering.

Kva er Lånekassen sitt grunnlag for å behandle personopplysningar?

Lånekassen må behandle personopplysningar for å kunne behandle søknader om støtte og følgee opp tilbakebetalinga av studielån. Utan personopplysningane kan vi ikkje kople søknaden eller kundeforholdet til ein faktisk person. Vi har heimel i utdanningsstøtteloven med forskrifter for vår behandling av personopplysningar, dette omfattar også behandling av særlege kategoriar personopplysningar og straffbare forhold.

Utdanningsstøtteloven gir oss rett og plikt til å hente inn personopplysningar om deg dersom du, eller nokon du har ein familierelasjon til, forsørger eller blir forsørgd av, søker om utdanningsstøtte gjennom Lånekassen. Lånekassen har rett til å hente inn informasjon om faglege resultat og studentstatus for alle elevar og studentar i Noreg.

Dette er nødvendig for at Lånekassen skal kunne utøve oppgåvene vi har fått, og som vi er forplikta til å utføre ifølge loven.

I forskrift om behandling av personopplysningar i Lånekassen finn du detaljar om kva opplysningar vi kan innhente, og frå kven.

I nokre situasjonar gir du samtykke til at Lånekassen hentar inn personopplysningar om deg.

Kva personopplysningar blir brukte i behandlinga?

Lånekassen bruker berre dei personopplysningane om deg som er nødvendige for formålet, altså berre dei opplysningane vi treng for å kunne utføre oppdraget vårt. Dette er for eksempel namn, adresse, studiestad, inntekt og familierelasjonar. Nokre gonger behandlar vi også særlege kategoriar (sensitive) opplysningar eller andre opplysningar som er underlagt teieplikt, når det er nødvendig for korrekt saksbehandling.

Kvar hentar vi personopplysningane frå?

Personopplysningar kjem enten frå deg som kunde eller frå andre offentlege eller private instansar som Lånekassen samarbeider med.

Når du sender ein søknad til Lånekassen, ringer oss, sender ein e-post eller er i kontakt med oss på annan måte, gir du frå deg personopplysningar. Dette er frivillig, men Lånekassen kan ikkje behandle saka di utan desse opplysningane.

Lånekassen hentar også inn personopplysningar frå andre offentlege og private instansar. Dette er skatteetaten, a-ordninga, Folkeregisteret, KAR-registeret (konto- og adresseringsregisteret), Kartverket, Digdir (kontakt- og reservasjonsregisteret), Nav, UDI, skatteetaten, divisjon innkrevjing (tidlegare Statens innkrevjingssentral), offentlege og private utdanningsinstitusjonar og fylkeskommunane.

Kan Lånekassen utlevere personopplysningane til andre?

Personopplysningane dine kan bli utleverte til andre offentlege etatar som har lovleg grunnlag for å bruke opplysningane i saksbehandlinga si. Dette gjeld blant anna skatteetaten, divisjon innkrevjing (tidlegare Statens innkrevjingssentral), Nav, skatteetaten, Helfo, Husbanken og dei nordiske lånekassene.

Personopplysningane dine kan også bli utleverte til andre etatar og forskingsinstitusjonar til forskingsformål. I slike tilfelle vil Lånekassen sikre at behandlinga skjer med nødvendige personverngarantiar. Dersom opplysningane ikkje kan bli utleverte i anonymisert form, vil vi forsikre oss om at opplysningane er underlagt teieplikt hos mottakar.

Sjå oversikt over forskingsprosjekt som blir gjennomført ved hjelp av personopplysningar som Lånekassen utleverer.

Vi utleverer ikkje personopplysningane dine til andre enn dei som hareit eige lovleg grunnlagfor dette eller du har gitt fullmakt eller samtykke til utleveringa.

Kor lenge blir personopplysningane lagra?

Personopplysningar som blir brukte i behandlinga av retten din til utdanningsstøtte, blir ikkje sletta, fordi vi har bruk for opplysningane i mange år for å sikre korrekt saksbehandling. Sjølv om studielånet ditt er betalt tilbake, har Lånekassen framleis bruk for opplysningar om kundeforholdet ditt, sidan du kan søke om støtte seinare.

Lånekassen følger arkivloven og må derfor arkivere dokument som inngår i saksbehandlinga. Personopplysningane dine kan også bli brukte til historiske, vitskaplege og statistiske formål. Dette har Lånekassen lov til, så lenge samfunnet si interesse for lagring er klart større enn dei ulempene det gir deg.

Personopplysningar vi samlar inn, men ikkje bruker i saksbehandlinga, blir sletta. For eksempel får Lånekassen eksamensresultata til alle studentar i Noreg, men resultata til studentar som ikkje er kunde hos Lånekassen, blir sletta.

Kva rettar har du som kunde?

Rettane dine følger av personopplysningsloven.

Du har

  • rett til informasjon om korleis Lånekassen bruker personopplysningane dine
  • rett til at Lånekassen slettar opplysningar om deg som ikkje lenger er nødvendige for formålet. Men i dei fleste tilfella er opplysningane nødvendige for Lånekassen i mange år
  • rett til å korrigere eigne personopplysningar som er ufullstendige eller urette
  • rett til å klage på Lånekassen si behandling av personopplysningane dine
  • rett til å trekke tilbake eit samtykke når som helst
  • rett til å klage til Datatilsynet
  • rett til innsyn i opplysningane Lånekassen har om deg
  • rett til kopi av personopplysningar som blir behandla
  • rett til avgrensing av behandlinga som gjeld deg sjølv
  • rett til å få med deg eigne personopplysningar (dataportabilitet)

Lånekassen kan gjere unntak frå desse rettane:

  • retten til avgrensing av behandlinga som gjeld deg sjølv
  • retten til å få med deg eigne personopplysningar (dataportabilitet)

Lånekassen kan gjere unntak fordi vi utøver eit offentleg oppdrag, eller behandlinga er nødvendig for å utføre ei oppgåve i allmenta si interesse, jf. personvernforordninga artikkel 18 nr.2.

For å sjå kva personopplysningar vi har registrert om deg, kan du logge inn på Dine sider. Der kan du også be om innsyn.

Ønsker du å bruke nokon av dei andre rettane som er nemnde ovanfor, kan du kontakte Lånekassen. Dersom du ber Lånekassen om innsyn eller andre rettar knytte til behandlinga av personopplysningar, har du krav på svar seinast éin månad etter at meldinga kom inn. Dersom vi ikkje kan svare deg innan ein månad, vil du få eit førebels svar før den opphavlege fristen med opplysning om årsaka til forseinkinga. I slike tilfelle kan fristen bli utvida med to månader.

Automatisert behandling

Lånekassen behandlar dei fleste søknadene om utdanningsstøtte automatisk på grunnlag av dei personopplysningane vi har, og regelverket om utdanningsstøtte. Det gjer at vi ofte kan behandle søknader om utdanningsstøtte i løpet av minutt. Du kan ikkje motsette deg automatisk saksbehandling, men dersom du er ueinig i vedtaket, kan du klage, og då vil saka di bli behandla manuelt.

Les meir om korleis vi behandlar søknader automatisk.

Er personopplysningane sikre hos Lånekassen?

Vi arbeider kontinuerleg for å beskytte dine personopplysningar og annan konfidensiell informasjon. Dette krev ei heilskapleg tilnærming til informasjonstryggleik og i Lånekassen jobbar vi i fleire aksar for å beskytte dine rettar og dine opplysningar.

Tilsette – sikre kunnskap, haldningar og medvit, og gjennom det redusere menneskelege faktorar for sårbarheit

Teknologisk – sikre at systema er motstandsdyktige mot eksterne cybertruslar og å redusere sårbarheit som oppstår gjennom samhandling med tredjepartar og gjennom tilsette sin bruk av systema.

Organisatorisk –sikre at ansvar blir plassert, at risikostyring blir ein del av verksemda til Lånekassen, og at det blir utarbeidd rutinar og retningslinjer for sikker informasjonsforvaltning.

Les meir om informasjonstryggleik i Lånekassen.

Informasjonskapslar (cookies)

Lånekassen hentar inn informasjon om brukarane gjennom informasjonskapslar (cookies) på lanekassen.no, Dine sider, statistikk.lanekassen.no, Foreldresigneringsportalen og Arbeidsflata for lærestadene.

Les meir om vår bruk av informasjonskapslar.

Kontaktinformasjon til Lånekassen

For å kontakte Lånekassen må du bruke dei vanlege kanalane vi har i kundebehandlinga.

Telefonnummeret til Lånekassen sitt kundesenter er 21 49 60 00. Du kan også sende oss ei melding når du er logga inn på Dine sider, eller sende eit brev til

Lånekassen
Postboks 450 Alnabru
0614 Oslo

Kontaktinformasjon til personvernombodet i Lånekassen

Lånekassen har eit personvernombod som ivareter personverninteressene både til kundane i Lånekassen og dei tilsette i verksemda. Ordninga er tilrettelagd og administrert av Datatilsynet. Personvernombodet kan gi råd og rettleiing dersom du har generelle spørsmål om Lånekassen si behandling av personopplysningar, eller om vern av dei opplysningane vi har registrert om deg som kunde.

e-post: personvernombud@lanekassen.no

Av omsyn til personvernet ditt skal du ikkje sende personopplysningar i vanleg e-post.

post:

Personvernombodet
Lånekassen
Postboks 191
0510 Oslo