Vi gjer utdanning mogeleg
Lånekassen er både ein bank og ein del av velferdsstaten. Sidan opprettinga har vi tilbydt lån og stipend til elevar og studentar, i den hensikt å gi alle norske borgarar tilgang til utdanning, uavhengig av bakgrunn.
Vi skal bidra til å gjere utdanning mogleg for alle
Vårt samfunnsoppdrag er å forvalte utdanningsstøtteordningane som er fastsett av Stortinget, slik at dei bidrar til
- like moglegheiter til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsdyktigheit, økonomiske og sosiale forhold
- å sikre samfunnet og arbeidslivet tilgang på kompetanse
- at utdanninga skjer under tilfredsstillande arbeidsforhold, slik at studiearbeidet kan bli effektivt
Lånekassen er ei digital verksemd
Sidan 1980-tallet har vi satsa på digitalisering og massehandtering av søknader for å sikre effektiv forvaltning av ordningane for utdanningsstøtte. I dag har elevar, studentar og tilbakebetalarar heildigital dialog med Lånekassen. Tre fjerdedelar av søknader om stipend og lån blir behandla utan at eit menneske må vurdere dei.
På grunn av den digitale satsinga kan ein liten organisasjon som Lånekassen med drygt 300 faste tilsette forvalte kundeforhold med over 1,1 millionar kundar.