Utveksling til eit universitet eller ein høgskole

Gjeld deg som skal på utveksling utanfor Norden

Veileder Utveksling

Ung kvinne med sekk. Foto.

Studere i utlandet

Lånekassen tilbyr stipend og lån til utveksling utanfor Norden

Søknadsfristar

Du må ha ein studieplass før du søker, og du kan tidlegast søke i midten av mai. Siste frist for å søke er

  • 15. november for heile året eller berre haustsemesteret
  • 15. mars for vårsemesteret

Utvekslinga må vere godkjend som ein del av utdanninga di
Når du skal på utveksling, er det den lærestaden du tar hovudutdanninga som godkjenner utvekslinga. For å kunne få stipend og lån må utvekslinga bli godkjend som ein del av graden din.

Dei fleste norske lærestader rapporterer dette direkte til Lånekassen, men i nokre tilfelle – for eksempel om du er student på BI, må du sende inn dokumentasjon på godkjenninga saman med søknaden.

Alle studentar får basislån og reisestøtte

Dei fleste får tre forskjellige typar støtte til utveksling til eit utanlandsk universitet: Basislån, reisestøtte og støtte til skolepengar om du skal betale skolepengar.

Basislån kan alle studentar få, og dette er namnet på det dei fleste kallar studielån. Basislånet er eit lån, ikkje eit stipend, men inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til stipend dersom du ikkje bur saman med foreldra dine, du består utdanninga og graden din, og har inntekt og formue under grensene.

Betaler du skolepengar, kan du få stipend og lån til dekning av det, opp til eit maksbeløp som er avhengig av kvar du studerer og kor mykje du skal betale.

Etter at du har søkt om lån og stipend, må du sende dokumentasjon som viser kor mykje skolepengar du skal betale. Dette kan du sende til oss på Dine sider på lanekassen.no eller i posten.

Vi gir også reisestøtte som tilskott til to tur-returreiser til den verdsdelen du studerer i.

Nokre land gir meir stipend

Dersom du skal på utveksling til Brasil, India, Japan, Kina, Sør-Afrika eller Sør-Korea, får du 2 675 kroner i månaden i tillegg til basislån og reisestøtte. Dette stipendet kan du få i inntil ti månader.

Gjeld og nedbetaling

Lån frå Lånekassen er rente- og avdragsfritt så lenge du er fulltidsstudent og får støtte frå oss. Når du ikkje lenger får støtte til fulltidsutdanning frå Lånekassen, blir det lagt til renter på lånet og du må begynne å betale rundt 9 månader seinare.

Gå til søknaden

Dokumentasjonskrav for utveksling i høgare utdanning

Vi hentar som regel opplysningar om utvekslingsopphaldet elektronisk når du søker om støtte, men i enkelte tilfelle må du likevel sende inn dokumentasjon.

Vi hentar som regel opplysningar om utvekslingsopphaldet elektronisk når du søker om støtte, men i enkelte tilfelle må du likevel sende inn dokumentasjon.

Du må sende inn dokumentasjon dersom du skal betale skolepengar til lærestaden i utlandet, om lærestaden din ikkje bruker Felles studentsystem (FS), eller om du skal på språkkurs.

Førehandsgodkjenning av utvekslingsopphaldet

For å få lån og stipend til utveksling i utlandet, må opphaldet vare i minst fire veker, og det må vere godkjent som del av ei høgare utdanning du er i gong med i Noreg eller i utlandet. Lærestaden din kan gi deg meir informasjon om korleis du søker om førehandsgodkjenning av utveksling i utlandet.

Dersom lærestaden din bruker FS (Felles studentsystem), skal dei registrere informasjon om utveksling i dette systemet, slik at vi kan innhente opplysningane elektronisk.

Du kan sjå kva for lærestader som bruker Felles studentsystem på FS sin nettstad.

Bruker ikkje lærestaden din FS?

BI og Bjørknes er eksempel på lærestader som ikkje bruker FS. Finn du ikkje lærestaden din i denne lista, bruker ikkje lærestaden din FS. Når lærestaden din ikkje bruker FS må du sende et eige skjema etter at du har søkt om lån og stipend. Du finn skjema for utveksling nedst på denne sida.  Lærestaden din må stemple og godkjenne skjemaet før du sender det til oss.


Skolepengar

Skal du betale skolepengar, må du legge ved ei signert stadfesting (eit offisielt brev) frå lærestaden i utlandet som viser namnet ditt og kor mykje skolepengar du skal betale.

Det må komme fram av dokumentasjonen kva som er reine skolepengar (tuition fee). Utgifter til for eksempel studentforeiningar, administrasjonsgebyr og bibliotekavgift blir ikkje dekka av Lånekassen.

Vi godtar ikkje Confirmation of Enrolment aleine som dokumentasjon på skolepengar, fordi den ikkje viser eventuelle rabattar norske studentar får.

Får du stipend frå andre som er meint å dekke skolepengar, må du legge ved stadfesting som viser beløpet.

Er du over 30 år?

Du kan søke om inntil
111 640
i tilleggslån per år

Du kan låne inntil 111 640 kroner ekstra i året dersom du studerer på fulltid, som er 60 studiepoeng per år. Tar du færre studiepoeng, får du tilbod om å låne eit mindre beløp. Du kan låne 223 280 kroner til saman, og du kan velje kor mange år du vil fordele lånet over. Du søker om lånet i den same søknaden som vanleg lån og stipend.

Lånet kan ikkje kombinerast med tilleggslån for dei som har barn.

Les meir om tilleggslån

Har du barn?

Du kan få ekstra
stipend og lån
om du har eller får barn

Dersom du har barn medan du studerer, kan du få meir stipend og lån.

Foreldrestipend ved fødsel eller adopsjon

Dersom du får barn medan du studerer, kan du få gjort om basislån og skolepengelån til stipend i inntil 49 veker.

Barnestipend

Dersom du har barn under 16 år, kan du få ekstra stipend. Har du fleire barn, får du meir stipend. Barnestipendet blir behovsprøvd. Det betyr at beløpet blir mindre om familien har inntekt eller formue over grensene i forskrifta. Dersom du studerer på deltid, får du også eit lågare beløp.

Tilleggslån

Du kan også låne 55 820 kroner ekstra i året når du har barn under 16 år, avgrensa til 111 640 kroner til saman. Inntekt og formue har ikje noko å seie for om du kan få tilleggslån. Dersom du studerer på deltid, får du tilbod om å låne eit mindre beløp.

Les meir om barn og fødsel

Språkkurs
Er undervisningsspråket eit anna enn engelsk, kan du få støtte til språkkurs
Utvida stipend til skolepengar
Nokre lærestader i utlandet gir rett til ekstra stipend til skolepengar

Når ting skjer

Når noko skjer i livet ditt eller i studiekvardagen din, kan det ha konsekvensar for kva du kan få frå Lånekassen, enten no eller i framtida.
Ung gut med bok og ung jente med mobil. Foto.

Omgjering av lån til stipend

Inntil 40 prosent av basislånet kan bli gjort om til stipend dersom du består utdanninga di og fullfører ein grad.

Den norske lærestaden din rapporterer til Lånekassen

Tar du utveksling frå ein norsk lærestad, får vi opplysningane om at du har bestått utdanninga direkte derfrå. Derfor treng du ikkje å sende noko inn til oss.

Har du tatt utveksling frå ein utanlandsk lærestad, må du dokumentere resultata dine sjølv, men du treng ikkje sende inn eksamensresultat før du har fullført graden din.

Les meir om dei generelle reglane for omgjering

Regelverk